«Jako» Song av Ladaniva[1] | ||
![]() | ||
Land | Armenia, Frankrike | |
Språk | Armensk | |
Utgjeve | 23. september 2023 | |
Sjanger | Verdsmusikk | |
Lengd | 02:25 | |
Selskap | Jiguli, PIAS Recordings | |
Låtskrivar(ar) | Audrey Leclercq, Jaklin Baghdasarjan, Louis Thomas |
---|
«Jako» (armensk: Ժակո – Zjako) er ein song frå 2023 med den fransk-armenske verdsmusikkduoen Ladaniva[2]. Songen blei gjeven ut 23. september 2023 og var det armenske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
«Jako» er komponert av medlemmane i Ladaniva, Jaklin Baghdasarjan og Louis Thomas, saman med Audrey Leclercq, og produsert av Jasper Maekelberg.[3][4] Tittelen på songen er avleia frå fornamnet til Baghdasarjan. Songen blei skildra som Baghdasarjan sin påstand om hennar «rett til å tenkje fritt og til å vere den ho vil vere». Ho kritiserer samfunnet for å påleggje kunstige avgrensingar og normer, og seier at desse får jenter til å miste oversikten på kven dei eigentleg er sidan dei ofte blir fortalde korleis dei skal oppføre seg. Baghdasarjan forklarar:
«Dei pleidde å kalle meg 'Jako' då eg var lita. I oppveksten har eg alltid blitt fortald korleis jenter skal oppføre seg, vere audmjuke, kle seg normalt, ikkje snakke for mykje, ikkje gjere gale ting.»
Vidare blir songen skildra som ein bodskap til seg sjølv og til «alle dei små ‘Jako-ane’ rundt om i verda» om å følgje det sanne kallet sitt og forbli tru mot deira autentiske eg, slik ho gjorde gjennom kunsten. Songen blir også skildra som ein invitasjon til å ‘stå opp og danse’, uansett kva folk seier.[5] David Tserunjan, delegsjonssjefen til Armenia, forklarer vidare «[songen] rørar ved ei veldig viktig sak, men på ein munter og leiken måte. Vi håpar å inspirere folk over heile verda til å omfamne deira indre 'Jako' og bli med i denne styrkande dansen av fridom!»[6]
Ladaniva blei vald av den armenske kringkastaren ARMTV til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2024.[7] Gjennom den interne uttakinga, vedtok kringkastaren at «Jako» skulle vere det armenske bidraget.[6]
Armenia deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai i Malmö.[8] I semifinalen blei «Jako» nummer tre og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[9][10] I finalen enda låten på åttandeplass med 183 poeng.[11] Dette var den beste plasseringa til Armenia i Eurovision Song Contest sidan 2016, då Iveta Mukutsjjan enda på sjuandeplass med låten «LoveWave».
Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas internasjonal (IFPI)[12] | 19 |
Litauen (AGATA)[13] | 22 |
Nederland (Single Tip)[14] | 6 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[15] | 12 |