Jakob Sveistrup

Jakob Sveistrup
Fødd8. mars 1972 (52 år)
FødestadKøbenhavn
OpphavKongeriket Danmark
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, stemmeskodespelar

Jakob Sveistrup (fødd 8. mars 1972) er ein dansk songar og utdanna lærar. I 2003 blei han landskjend i Danmark då han nådde finalen i tv-talentshowet Stjerne for en aftenDanmarks Radio. I 2005 vann Sveistrup Dansk Melodi Grand Prix med songen «Tænder på dig». Bidraget enda på ein niandeplass i Eurovision Song Contest i Kyiv seinare same året.

I tenåra og seinare opptredde Sveistrup på ulike musikalscener på Fyn, som Frøbjerg Festspil og Nyborg Voldspil. Han var også med i fleire musikkband i heimbyen Odense, blant dei Crew, Kingsunderwear og CopyCats.[1] Sistnemnde band følgde med Sveistrup under namnet Jakob Sveistrup Band, då Sveistrup kutta ut jobben som skulelærar og valde å satse på musikken. Sveistrup starta på lærarstudiet i 1995 ved Odense Seminarium, der han fullførte i 1999 med musikk som linjefag.

I 2003 blei Sveistrup kjend i Danmark då han deltok i DR1 si talenttevling Stjerne for en aften, der han blei nummer fire med songen «True to Your Heart».[2]

I februar 2005 vann Sveistrup Dansk Melodi Grand Prix med songen «Tænder på dig».[3] Songen blei omsett til engelsk med tittelen «Talking to You» foran Eurovision Song Contest 2005 i Kyiv i Ukraina. I semifinalen blei songen nummer tre og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 21. mai. Der enda songen til slutt på ein delt niandeplass saman med norske Wig Wam og «In My Dreams».[4]

30. mai 2005 gav Sveistrup ut debutalbumet Jakob Sveistrup, som selde til gull og sidan platina. Året etter gav han ut det andre albumet sitt, Fragments, og same året spelte han inn to songar til Disney-filmen Lille kylling. I 2008 var han i gong med sitt tredje album, men finanskrisa gjorde at plateselskapet stoppa albumet og fristilte Sveistrup frå platekontrakten.

I januar 2015 innleia Sveistrup eit samarbeid med Lars Rahbek Andresen som resulterte i albumet All In/All Out. Tittelen refererer til den fullstendige satsinga på musikkprosjekt til Sveistrup. Han skreiv og komponerte samtlege songar, og finansierte sidan heile utgjevinga. Albumet kom ut i mars 2016.

I 2018 gav han ut sitt fjerde album, In Your Face, då under namnet Sveistrup.[5][6]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2005 – Jakob Sveistrup
  • 2006 – Fragments
  • 2016 – All In/All Out
  • 2018 – In Your Face
  • 2005 – «Talking to You»
  • 2006 – «Could Have Sworn»
  • 2006 – «Book of love»
  • 2008 – «Hvem er venner»
  • 2013 – «Hold godt fast»
  • 2015 – «Damn Good Day»
  • 2016 – «Make Me an Offer»
  • 2016 – «Accompany Me»
  1. «dr.dk > grandprix_arkiv > 2005 > dmgp2005 > deltagerne > profil». www.dr.dk. Henta 15. juli 2018. 
  2. «Jacob Sveistrup». IMDb. Henta 15. juli 2018. 
  3. «Husker du Jakob Sveistrup? Nu har han droppet jobbet og vendt sit liv 180 grader». www.bt.dk (på dansk). Henta 15. juli 2018. 
  4. «Jakob Sveistrup – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. EBU. Henta 15. juli 2018. 
  5. «En mere tung Jakob Sveistrup er klar med nyt album». TV 2 Fyn (på dansk). 16. mai 2018. Henta 15. juli 2018. 
  6. «Firestjernet albumudgivelse: Jakob er blevet Sveistrup» (på dansk). 31. mai 2018. Henta 15. juli 2018.