Jim Dickinson | |||
Dickinson i 2009 | |||
Fødd | 15. november 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Little Rock i Arkansas | ||
Død | 15. august 2009 (67 år) | ||
Dødsstad | Memphis i Tennessee | ||
Fødenamn | James Luther Dickinson | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Piano, vokal, gitar | ||
Verka som | Plateprodusent, musikar og songar | ||
Prisar | Americana Lifetime Achievement Award for Producer/Engineer |
James Luther Dickinson (15. november 1941–15. august 2009) var ein amerikansk plateprodusent, pianist og songar som mellom anna fronta bandet Mud Boy and the Neutrons, basert i Memphis i Tennessee.
Seint i 1960-åra slo Dickinson seg saman med andre musikarar i Memphis, Charlie Freeman (gitar), Michael Utley (klaverinstrument), Tommy McClure (bass) og Sammy Creason (trommer) og dei kalla seg The Dixie Flyers. Dei akkompagnerte ymse artistar, som Bettye LaVette, Hank Ballard, James Carr, Albert Collins og The Tempters.
I 1970 byrja gruppa å akkompagnere soulartistar i stallen til Atlantic Records, særskild under produsenten Jerry Wexler. Dei spelte her mellom anna med Aretha Franklin på hitten hennar «Spirit in the Dark», i tillegg til Carmen McRae, Delaney & Bonnie, Jerry Jeff Walker, Dee Dee Warwick, Ronnie Hawkins, Sam & Dave, Dion, Brook Benton, Lulu, Sam the Sham og Esther Phillips.
Dickinson gav ut det første soloalbumet sitt, Dixie Fried, på Atlantic i 1972. I løpet av 1970-åra byrja han òg å arbeide som produsent, og spelte inn Big Star sitt Third i 1974, og var medprodusent med Alex Chilton på Chilton-albumet Like Flies on Sherbert i 1979. Han har produsert innspelinga for artistar så forskjellige som Willy DeVille, Green on Red, Mojo Nixon, The Replacements, Tav Falco's Panther Burns, Toots and the Maytals og Screamin' Jay Hawkins.
Som studiomusikar spelte han piano med Rolling Stones på innspelinga deira av «Wild Horses» i Muscle Shoals Sound Studio i desember 1969, bidrog til Flamin' Groovies-albumet Teenage Head i 1971; arbeidde med Ry Cooder på fleire av albuma hans frå 1972, og spelte inn ein enkel singel («Red Headed Woman») med The Cramps i 1984. Dickinson spelte elektrisk piano og pumpeorgel på Bob Dylan-albumet Time Out of Mind i 1997.[1]
Dickinson døydde 15. august 2009 på eit sjukehus i Memphis etter ein hjarteoperasjon.[2]