John Mayne | |
Fødd | 1759 |
Død |
1836 (77 år) |
Yrke | journalist, lyrikar, skribent |
John Mayne (1759–1836) var ein skotsk forleggjar, journalist og diktar fødd i Dumfries. Verka hans påverka diktaren Robert Burns og blei beundra av Walter Scott.[1]
Mayn flytta med familien til Glasgow i 1782, der han lærte seg trykking, og slo seg ned i London i 1787. Her var han mellom anna eigar og medredaktør i avisa The Star.[2] Han trykte fleire av dikta sine i denne avisa, men også andre stader, som i Gentleman's Magazine.[2]
I 1780 blei diktet hans «The Siller Gun» trykt i si opphavlege form i Ruddiman's Magazine, som blei gjeve ut av Walter Ruddiman i Edinburgh.[1] Det er eit humoristisk dikt om ein gammal skikk i Dumfries om eit wapenshaw der ein tevla om å vinna eit kanonløp av sølv. Mayne skreiv også eit dikt om halloween, «Hallowe'en», i 1780. Dette påverka Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785.[3][4]
«Logan braes» frå 1789 inspirerte Burns til å skriva eit dikt med same namn, og ta med to linjer frå Mayne sitt verk. Han skal ha trudd at det var ein eldre folkesong.[2]
Mayne skreiv også diktet «Glasgow» i 1783, det patriotiske stykket «English, Scots, and Irishmen» i 1803,[2] og ein versjon av balladen «Helen of Kirkconnel»
Originaltekst av John Mayne ved Wikisource. |