Jokerman av Bob Dylan frå albumet Infidels | ||
B-side |
«Isis» (konsertopptak frå Renaldo and Clara) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1. juni 1984 | |
Innspelt | 14. april 1983 Power Station i New York City | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 6:12 | |
Selskap | Columbia Records | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Mark Knopfler Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«Sweetheart Like You» (1983) |
Jokerman | «Tight Connection to My Heart (Has Anybody Seen My Love)» (1985)
|
«Jokerman» er ein song av Bob Dylan som var opningssporet på albumet Infidels.[1][2] Songen vart spelt inn 14. april 1983,[3] og kom ut på singel 1. juni 1984, med eit konsertopptak av «Isis» frå filmen Renaldo and Clara som B-side.[4]
Songen er òg gjeven ut på fleire samleplater av Dylan, som Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3, The Best of Bob Dylan, The Essential Bob Dylan og luksusutgåva av Dylan.
Songen har fleire bibelske bilete og har blitt analysert som ein politisk metafor.[5] I eit intervju i 1984 med Kurt Loder for Rolling Stone forklarte Bob Dylan inspirasjonen hans til songen: «Meg og ein annan kar har ein båt i Karibia. 'Jokerman' kom til meg på dei øyane. Dei er særs mystiske. Formene der, og skuggane, verkar så gamle. Songen var på ein måte inspirert av desse andene dei kallar jumbis.»[6]
Den 27. mars 1984 vart det sleppt ein musikkvideo for «Jokerman», regissert av Larry Sloman og George Lois.[7][8][6][9] Videoen syner konsertopptak av Dylan under refrenga, men er elles illustrert av fotografi av personar som Dylan, Adolf Hitler og Muhammad Ali, og måleri av kunstnarar som Hieronymus Bosch, Francisco Goya og Albrecht Dürer, med teksten til songen oppå.[6]
Dylan framførte òg songen på The David Letterman Show, akkompagnert av The Plugz.[10][2] I følgje den offisielle nettsida til Dylan, er songen blitt framført over 150 gonger på konsertane hans.[1]
I tillegg til Dylan spelar Mark Knopfler og Mick Taylor gitar på songen, Alan Clark er på klaverinstrument, Robbie Shakespeare på bass og Sly Dunbar på trommer.[3] Perkusjonen vert spelt av Sammy Figueroa og vart seinare lagt til sporet.[3]
Som singel gjorde «Jokerman» det dårleg, men songen fekk god kritikk. The Telegraph kåra «Jokerman» til den fjerde beste songen til Dylan,[11] medan lesarane i Rolling Stone kåra songen ti ein av dei beste Dylan-songane etter 1960-åra og magasinet kalla han «ein glimrande seks minuttar lang melodi om ein vridd figur».[12] Rolling Stone rangerte «Jokerman» på 46. plassen over dei 100 beste Dylan-songane.[13] Som gjesteskribent for Rolling Stone skreiv Chris Martin frå Coldplay ei hyllest til «Jokerman» som sa «Korleis kan denne karen ha ein song som kjem frå denne andre verda, og likevel vere så glimrande?»[13]
Built to Spill spelte inn songen hyllestalbumet til Dylan, Bob Dylan in the 80s: Volume One.[14] Han vart òg spelt av Eliza Gilkyson i 2007 på albumet hennar Your Town Tonight og var med i skodespelet Girl from the North Country.[15]