Ein har funne keramikk og glas frå romartida (100-talet) og tidleg bysantinsk tid (300- til 400-talet) i ei gravgrotte i Kafr Bara.[2]
Arkeologiske utgravingar har avdekt funn frå ein landleg busetnad frå bysantinsk og tidleg islamsk tid (500- til 800-talet).[3]
I 1596 stod Kafr Bara oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 20 muslimske hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, sommaravlingar, og geiter eller bikubar.[4]
I 1945 var folketalet i Kafr Bara på 150, alle arabarar, som eigde 3 959 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[5] Av dette var 10 mål for sitrus og bananar, 12 var plantasjar og irrigert land, 1 841 nytta for korn,[6] medan 14 dekar vart utbygd (urbant) land.[7]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
Masarwa, Marwan (11. februar 2008), Kafr Bara Final Report, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, arkivert frå originalen 18. mai 2013, henta 6. juli 2015
↑Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 131.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 75
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 126
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 176