Kent Monkman | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 1965 (59 år) St. Marys |
Yrke | kunstnar, filmskaper, filmregissør, ny-mediekunstner |
Prisar | Indspire Award (2014); Premier's Award for Excellence in the Arts (2017) |
Kent Monkman på Commons |
Kent Monkman (fødd 1965) er ein kanadisk First Nations-kunstnar av creeopphav. Han er medlem av Fisher River Cree Nation, som har territorium i Interlake Region (mellom Lake Winnipeg og Lake Manitoba) i Manitoba.[1] Monkman er busett og arbeider i Toronto i Ontario.[2]
Han har arbeidd innan måleri, film/video og installasjonskunst.[3] Han har hatt mange soloutstillingar ved museum og galleri i Canada, USA og Europa.[3]:1 Han har oppnådd internasjonal anerkjenning for fargeriket og rikt detaljerte verk som kombinerer sjangerkonvensjonar til å nytolka historiske narrativ.[4] Tidleg på 2000-talet utvikla Monkman eit gender-fluid alter ego, Miss Chief Eagle Testickle.[5] Han identifiserer seg sjølv som two-spirit (ein som har to ånder, ei mannleg og ei kvinneleg).[6]
Monkman blei fødd i St. Mary's i Ontario, og voks opp i Winnipeg i Manitoba.[7] Kunstopplæring som ung skulle visa seg å vera ein formande påverknad for Monkman.[5] Han blei seinare elev ved ulike kanadiske og amerikanske institusjonar, mellom anna Banff Centre, Sundance Institute i Los Angeles og Canadian Screen Training Institute.[4]:1 Han gjekk ut frå Sheridan College i Oakville i 1986 med ein grad i kanadisk kunst.
Monkman laga kulissar og kostyme for fleire produksjonar av Native Earth Performing Arts, mellom anna Lady of Silences (1993) av Floyd Favel og Diva Ojibway (1994).[5]
I 2017 blei Monkman tildelt Bonham Centre Award frå The Mark S. Bonham Centre for Sexual Diversity Studies, University of Toronto for sine bidrag til å fremja spørsmål kring seksuell identifitet.[8] Han valde også å ta imot ærestittelen grand marshal for Pride-paraden i Toronto det året, etter tidlegare å ha takka nei. Denne gongen meinte han det kanadiske 150-årsjubileet var eit passande høve til å fremja merksemd kring innfødde folk.[6]
Kuratoren ved University of Toronto kunstmuseum, Barbara Fischer, tinga Monkman si utstilling Shame and Prejudice: A Story of Resilience for å «set up a provocative friction between Canadian national myths, aboriginal experience and traditional European art practices.»[9] Utstillinga hadde som mål å føra urfolksopplevingar inn i den offentlege samtalen, og tok også for seg kva dei 150 åra med Canada hadde tydd for urfolk.[10][11]
I 2019 tinga Metropolitan Museum of Art to måleri frå Monkman til sin Great Hall, med tittelen mistikôsiwak (Wooden Boat People).[12][13] I 2020 kjøpte Met diptykonet Welcoming the Newcomers (2019) og Resurgence of the People (2019)[5] og gav ut Revision and Resistance: mistikôsiwak (Wooden Boat People) (2020).[14]
Monkman nyttar gammal-meister-stilen innan måleri for å uttrykka kjensler som sorg og lengt.[9] Han blei særleg rørt av Antonio Gisbert sitt måleri Avrettinga av Torrijos og følgjesveinane hans på stranda ved Málaga (1888).[10]
Monkman sitt verk Trappers of Men frå 2006 nyttar eit landskapsmåleri frå 1868 Albert Bierstadt som utgangspunkt, men har bytta ut dyra med forvirra kvite folk frå amerikansk kunst- og politisk historie, ein lakota- historikar og Monkman sitt to-andelege alter ego.[15]
Til eit prosjekt som frå 2017 av byrja Monkman og teamet hans på ein «protestserie» basert på protestane i Standing Rock der dei kombinerte fotografi frå protestane med klassiske måleri frå slagscenar.[16] Modellar poserte i klassisk stil med moderne motiv; fotografia blei så projiserte på store lerret, skisserte og måla av assistentar før Monkman stod for finpussen.[16] Han bygde Miss Chief's Wet Dream (2018) på to franske måleri, Medusas flåte (1818–1819) av Théodore Géricault, og Kristus på Genesaretsjøen (1854) av Eugène Delacroix, for å framkalla forholdet mellom urfolk og kolonisatorar i Canada.[17]
Kent Monkman sitt måleri Hanky Panky frå 2020 framstiller den kanadiske statsministeren, Justin Trudeau, bunden fast på alle fire med buksa nede medan Monkman sitt alter ego, Miss Chief Eagle Testickle, kjem mot han med eit raudt red sexleiketøy forma som folda hender.[18][19] Bildet skapte kontrovers, og blei kritisert for å framstilla eit seksuelt overgrep. Monkman meinte bildet kunne førestilla ei villig handling, men bad seinare om orsaking for «any harm that was caused by the work».[20][21]
Mange kommentatorar fokuserte på framstillinga av statsministeren i landet på denne måten.[22]
Kritikarar frå urfolkshald mislikte Monkman sitt syn på seksuell vald, særleg delen av bildet der urfolkskvinner blei framstilte som delaktige i ein valdtektscene.[23][24] Eit kritisk poeng var dei store problema særleg urfolkskvinner og -jenter i Canada har med vald.[25]
Miss Chief Eagle Testickle er Monkman sitt to-andelege alter ego som Monkman nyttar til ei framstilling som jeger, kunstnar, aktivist, forførar, helt og underhaldar.[26] Ho er også ein mytologisk tidsreisande som finst i «colonial spaces [of] the past and present.»[26]
«Miss Chief»-delen av namnet er eit ordspel på mischief, eller ‘ugagn’, for å visa til Miss Chief si rolle som ‘trickster’ i mange av Monkman sine verk.[27] ‘Eagle Testickle’ kan høyrast som ‘egotistical’, for å visa til «what Monkman sees as the egotism of 19th century [Euro-North American] artists.»[28]
Miss Chief opptrer som ein feilplassert med sin moderne, diva-aktige utsjånad i scenar frå 1800-talet, som «an anachronism, an element of the past bleeding into the present.»[28]
Monkman har sagt at inspirasjonen hans for å skapa Miss Chief var George Catlin sitt måleri Dance to the Berdash, 1835-1837.[29] Som svar både til måleriet og til Catlin sine utsegner om tradisjonelle urfolksforståingar av kjønn og seksualitet blei Monkman spora til å «incorporate a persona in his paintings that would embrace gender and sexuality, honouring the tradition of the two-spirit in Indigenous societies.»[5] Han «wanted to create an artistic persona that could rival that of Catlin.»[30]
Monkman har uttalt at Miss Chief hjelper han til å «lighten how [he] treats sometimes very dark subject matter because [he's] looking at effectively a genocide.»[31]
I Portrait of The Artist as Hunter frå 2002, eit akrylmåleri som viser Miss Chief som jaktar medan ridande utan sal på ein kvit hingst mot ein bakgrunn som er «the rolling landscape of the Great Plains»,[32] nyttar Monkman John Mix Stanley sitt måleri Buffalo Hunt frå 1845 som nyttar «the image of the [Indigenous] male and presents him as a mysterious, exotic figure; the subject of romanticized notions of the Noble Savage...» medan cowboyen si nakne rumpe er «a sign that he is to be dominated by his pursuant» og «his desirability and vulnerability to sexual contact.»[33]