Knut Frydenlund | |||
Knut Frydenlund i 1981 Foto: Hans van Dijk/Anefo | |||
Fødd | 31. mars 1927 Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. februar 1987 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, skribent, diplomat, jurist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Knut Olav Frydenlund (31. mars 1927–26. februar 1987), fødd i Drammen, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han gav også ut ei rekkje bøker. Frydenlund var tilsett i utanrikstenesta frå 1953. Han var stortingsrepresentant frå 1969, og utanriksminister i Trygve Bratteli si andre regjering, Odvar Nordli si regjering og Gro Harlem Brundtland si første regjering, frå 1973-1981 og i Gro Harlem Brundtland si andre regjering frå 1986-1987. Frydenlund er etter Halvard Lange den norske utanriksministeren som har sete lengst. Han var ein sterk forkjempar for norsk EF-medlemskap i 1972.
Frydenlund hadde ein høgt utvikla humoristisk sans og blei ofte omtala som «det gode mennesket frå Drammen». Han døydde plutseleg av hjerneblødning på Ullevål sjukehus i Oslo i byrjinga på den andre perioden som utanriksminister, nær 60 år gammal. Han blei gravlagd frå Oslo domkyrkje den 6. mars, til stor deltaking frå både det offisielle Noreg og publikum.