Kvutzat Yavne | |||
קְבוּצַת יַבְנֶה | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hevel Yavne | ||
Koordinatar | 31°48′55.08″N 34°43′13.43″E / 31.8153000°N 34.7203972°E | ||
Folketal | 964 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1941 | ||
• Grunnlagd av | tyske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Den religiøse kibbutzrørsla | ||
![]() Kvutzat Yavne 31°48′55″N 34°43′13″E / 31.8153°N 34.720397222222°E | |||
Wikimedia Commons: Kvutzat Yavne |
Kvutzat Yavne (hebraisk skrift קְבוּצַת יַבְנֶה) er ein religiøs kibbutz i Sentral-Israel i Israel. Han ligg på kystsletta like aust for Ashdod og høyrer til Hevel Yavne regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 100.
Ideen om Kvutzat Yavne kom frå Tyskland. Meininga var at grunnleggjarane skulle gjere området nær den antikke Yavne (som han er kalla opp etter) ein stad for ein religiøs kibbutz og ein yeshiva. Desse grunnleggjarane, som var medlemmar av den religiøse sionist-rørsla, byrja å førebu seg for jordbruksarbeid på tyske gardar i 1929. Kort tid etter immigrerte dei til Palestinamandatet. Dei slo seg først ned nær Petah Tikva på landområde kjøpt av eit jødisk-eigd, tysk selskap. Til slutt, i 1941, byrja ei gruppe på 180 tyske sionistar å byggje Kvutzat Yavne der han vart planlagt. Kibbutzen fortsette å vekse, og fleire innbyggjarar frå Tyskland, USA og Israel kom til. Han vart kjend som opphavet til Den religiøse kibbutzrørsla, som kibbutzen er tilknytt.
Det meste av jordbruksproduksjonen i Yavne er innan avlingar, frukthagar, fjørkre og meieridrift. Her fins fabrikkar for handsaming av oliven og agurkar, Adi klokkefabrikk,[2] og den største kyllingklekkeriet i landet (med 600 000 kyllingar per dag). Her ligg òg Yeshivat Kerem B'Yavneh, den første Hesder Yeshiva.