Land of Confusion Singel av Genesis frå albumet Invisible Touch | ||
B-side |
Feeding the Fire | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1986 | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 4:45 | |
Selskap | ||
Komponist | Tony Banks, Mike Rutherford, Phil Collins | |
Tekstforfattar | Mike Rutherford | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | ||
Genesis-kronologi | ||
«In Too Deep» (1986) |
Land of Confusion | «Tonight, Tonight, Tonight» (1987)
|
«Land of Confusion» er ein rockesong av bandet Genesis frå 1986 på albumet deira Invisible Touch. Songen var den fjerde songen frå albumet som vart gjeven ut som singel og denne nådde fjerdeplassen på topplista i USA[2] og 14. plass i Storbritannia.[3] Singelen nådde åttandeplassen i Nederland. Musikken var skriven av bandet, medan gitaristen Mike Rutherford skreiv teksten.[4]
Songen vart kanskje best hugsa for musikkvideoen, som vart særs mykje spelt på MTV. I videoen vert det nytta karikerte dokker av frå det britiske fjernsynsshowet Spitting Image. Etter at Phil Collins såg ein karikert versjon av seg sjølv på showet, bad han skaparane av showet, Peter Fluck og Roger Law, om å laga dokker av heile bandet som kunne nyttast i ein video.
Videoen opnar med ein karikatur av Ronald Reagan, Nancy Reagan og ein sjimpanse. Videoen følgjer draumen som Ronald Reagan har når han går og legg seg. I tillegg ser ein karikaturane av bandet som spelar på instrumenta sine på ein scene.
Videoen var regissert av John Lloyd & Jim Yukich og produsert av Jon Blair og vann den kortliva Grammyprisen for beste konseptmusikkvideo i 1988.[5] Videoen vart òg nominert til MTV Video Music Award for årets video i 1987, men tapte for «Sledgehammer», ein annan animert video av Peter Gabriel som tidlegare hadde vore frontmann i Genesis. Videoen vart kåra til årets video i The Village Voice.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Songen vart spelt på alle turneane til bandet frå 1986 til 2007. Konsertopptak finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, samt DVDane Genesis Live at Wembley Stadium, The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Daryl Stuermer, som spelte gitar i konsertbandet til Genesis i mange år, reggaegruppa Fourth Dimension, In Flames, Nelly Furtado, Alcazar og norske Katzenjammer.
Det amerikanske rockebandet Disturbed spelte inn songen og gav han ut på albumet Ten Thousand Fists, samt som singel med følgjande musikkvideo.
Liste (2006) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[26] | 79 |
US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[27] | 1 |
US Billboard Modern Rock Tracks[27] | 18 |