Lars Helge Birkeland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. februar 1988 (36 år) Tønsberg |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn |
Lars Helge Birkeland (fødd 11. februar 1988) er ein norsk skiskyttar frå Birkenes i Aust-Agder. Han vart verdsmeister då han gjekk den fyrste etappen på det norske laget som vann 4 x 7,5 km stafett under VM i skiskyting 2019 i Östersund. Birkeland deltok også på Norges lag som tok sølv på stafett under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Han er medlem i Birkenes Idrettslag.
Han er sidan 2015 gift med Fanny Horn Birkeland.
Lars Helge Birkeland deltok på 20 km i verdsmeisterskapen i skiskyting både i 2012 og 2013, i begge tevlingane hamna han langt ned på resultatlista. Betre gjorde han det då VM i skiskyting 2017 fann stad i Hochfilzen, der han kom på niandeplassen på 20 km, med eitt tillegssminutt. Under dei olympiske vinterleikane 2018 i Sør-Korea tok han seg av den fyrste etappen for eit norsk mannskap som enda opp med sølv i 4 x 7,5 km stafett. Året etter vann Birkeland VM-gull då han på ny fekk gå fyrstetappen for Noregs lag i 4 x 7,5 km. Etter Birkeland gjekk Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen og ankermannen Johannes Thingnes Bø.