Ledward Kaapana

Ledward Kaapana
Fødd25. august 1948 (76 år)
OpphavUSA
Instrumentautoharpe, bassgitar, gitar
Verka sommusikar, gitarist

Ledward Kaapana (fødd 25. august 1948) er ein musikar frå Hawaii, mest kjend for å spele slack key-gitar. Han speler òg steelgitar, ukulele, autoharpe og bassgitar, og er ein baryton- og falsettvokalist.

Han gav ut det første soloalbumet sitt, Lima Wela, i 1983.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kaapana har vunne Na Hoku Hanohano Awards frå Hawai'i Academy of Recording Arts (HARA) for arbeid i tre ulike samanhengar — som soloartist, som medlem av Ledward Kaapana & I Kona og som medlem av Hui 'Ohana. Fire av soloalbuma hans har blitt nominete til Grammy-pirsar som Best Hawaiian Music Album.[1][2]

Kaapana mottok National Heritage Fellowship 2011 frå National Endowment for the Arts. Dette er den høgaste ære innan folkekunst i USA.[3]

  1. Enomoto, Kekoa Catherine (9. desember 2005). «Grammy nominations excite local artists». Maui News. Arkivert frå originalen 28. oktober 2006. Henta 18. oktober 2017. 
  2. «Artist Ledward Kaapana». www.grammy.com. The Recording Academy. 2017. Henta 18. oktober 2017. 
  3. «NEA National Heritage Fellowships 2011». www.arts.gov. National Endowment for the Arts. Arkivert frå originalen 27. februar 2019. Henta 18. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]