Martin Stokken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1923 Snillfjord kommune |
Død | 25. mars 1984 (61 år) Trondheim |
Idrett | langrenn, friidrett |
Tok del i | Vinter-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948, cross-country skiing at the 1952 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Ski-VM 1954 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Sportsjournalistenes statuett, Kongepokal, Kongepokal, Kongepokal |
Martin Stokken (16. januar 1923–25. mars 1984) var ein norsk friidrettsutøvar, langrennsløpar og politimann frå Snillfjord. Han tok til saman del i fire OL, to sommar-OL (1948 og 1952) og to vinter-OL (1952 og 1956). Stokken budde i Trondheim det meste av sitt vaksne liv, der han også døydde.
Stokken sitt beste resultat i sommar-OL kom i London i 1948 med fjerdeplass på 10 000 m. Han dominerte langdistansane i friidrett på nasjonalt nivå i perioden 1946-51 og vann heile nitten norske meisterskap på langdistansar og terrengløp. I langrennsløypa vann han fem norske meisterskap, fire på 30-km og eitt på 50-km. Dessutan vann han femmila i Holmenkollen i 1954 og Birkebeinerrennet i 1960. Han tevla for Selsbakk IF.
Stokken debuterte i noregsmeisterskapen 1946 i Bergen. Der fekk han to sølvmedaljar, på høvesvis 5 000 meter og 10 000 meter. I begge løpa måtte han sjå seg slått av Thorvald Wilhelmsen, på 5 000 meteren etter eit spurtoppgjer. Året etter vart han tredobbel noregsmeister, då han under NM i Oslo vann kongepokalen for sin siger i den nye øvinga 3 000 meter hinder på tida 9.28,8. Dessutan vann han både 5 000 m og 10 000 m. Tre norske meisterskap og kongepokal fekk han også med seg frå noregsmeisterskapane 1948 og 1949. I 1948 kom kongepokalen i 3 000 meter hinder, medan han i 1949 fekk pokalen for 5 000-meterløpet på 14.34,6. Også dei tre åra 1950-52 triumferte han på 10&nbs000 meter, siste gongen vann han på tida 29.54.0, det snøggaste han nokon gong sprang mila på.
Stokken vart i 1947 den første nordmann under 31 minuttar på 10 000 meter. Han braut halvtimesgrensa i 1949, med tida 29.59,6. Berre dei finske løparane Taisto Mäki og Viljo Heino og den legendariske tsjekkiske løparen Emil Zátopek hadde klart dette før han.
Stokken var norsk flaggberar i sommar-OL 1952 i Helsingfors.
Frå kringom 1949-50 konsentrerte Stokken seg mest om langrennssporten. Han gjekk fyrsteetappen på laget som tok bronse i VM-stafetten i ski-VM 1950, og han gjekk tredjeetappen på laget som vann sølv på stafetten i OL 1952 i Oslo. Stokken var òg med på stafettlaga 1954, 1956 og 1958, som alle gongane vart nummer fire.
Hans beste enkeltrenn i dei internasjonale meisterskapane var fjerdeplassen på femmila under verdsmeisterskapen 1954 i Falun. Han stod då for den beste norske langrennsprestasjonen i meisterskapen, men kom ni sekundar for seint i mål i høve til bronsemannen Arvo Viitanen frå Finland. Elles fekk han to sjetteplassar i vinter-OL, først på 18 kilometer i Oslo i 1952, og så på 15 km i Cortina d'Ampezzo fire år seinare.
Stokken vart tildelt Sportsjournalistenes statuett og Egebergs ærespris i 1949, Morgenbladets Gullmedalje i 1950. I 1954 fekk han Holmenkollmedaljen.