Mellisugini

Mellisugini
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Mellisugini

Mellisugini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Lampornithini («fjelljuvelar») og Trochilini («smaragdar»). Det uformelle engelske namnet bees er foreslått for denne gruppa, her omsett til «bikolibriar». Gruppa inneheld mellom anna slekta Mellisuga med dei to minste artane, inkludert bikolibri (Mellisuga helenae). Per 2023 samlar denne stammen totalt 37 artar fordelte på 16 slekter.[1][2] Leveområdet er frå Alaska i nord til sørlegaste Brasil i sør.

Av dei 37 artane i Mellisugini finst 12 i Mellom-Amerika. Fire artar høyrer til i Karibia. Åtte er nord-amerikanske, frå Mexico og nordover, med to artar som hekkar i nordvestlege Nord-Amerika. 13 artar er avgrensa til Sør-Amerika, dei fleste i nordvestlege delen, med eit par så langt sør som nordlegaste Chile.[2] Ein art, ametystkolibri (Calliphlox amethystina), lever så langt søraust som i sørlegaste Brasil.[3]

Hannane av dei fleste artar i stammen Mellisugini har spesialiserte halefjører som produserer læte i oppvisingsflukta under paringsspelet. Eit døme er pinsettkolibri (Thaumastura cora). Åtferda er ikkje avgrensa til denne stammen, då hannar i slekta Discosura som tilhøyrer stammen Lesbiini, «koketter», også kan produsere lydar frå halefjørene.[4][5]

Dei fleste trekkjande kolibriar finst i Mellisugini. Oppsiktsvekkjande døme er raudkolibri (Selasphorus rufus) som hekkar så langt nord som i det vestlege Canada og Alaska og overvintrar i Mexico. Og rubinstrupekolibri (Archilochus colubris) som hekkar i det austlege USA og deretter kryssar Mexicogolfen for å overvintre i Mexico og Mellom-Amerika. Det er fem andre langdistansemigrantar i stammen: breihalekolibri (Selasphorus platycercus), kalliopekolibri (Selasphorus calliope), chaparralkolibri (Selasphorus sasin), svartstrupekolibri (Archilochus alexandri) og luciferkolibri (Calothorax lucifer). Det er sannsynleg at trekkåtferda er resultat av fleire steg i evolusjonen.[6]

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar.[7] Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte tre av dei ni kladane i underfamilien Trochilinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Mellisugini («smaragdar»), Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»).[8] Stammen Mellisugini med den noverande avgrensinga vart introdusert i 2009.[9]

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][7][9] Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[8]

Kladogram for kolibrifamilien:

Trochilidae 


 Florisuginae – «topasar»



 Phaethornithinae – «eremittar»





 Polytminae – «mangoar»



Lesbiinae 

 Heliantheini – «briljantar»



 Lesbiini – «koketter»





 Patagoninaekjempekolibri


 Trochilinae 


 Lampornithini – «fjelljuvelar»



 Mellisugini – «bikolibriar»




 Trochilini – «smaragdar»







Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[10]

2014-studien av McGuire førte til ein større revisjon av klassifiseringa av Mellisugini.[1] Mange av dei tradisjonelle slektene vart funne å vere polyfyletiske, og som eit resultat vart klassifiseringa vesentleg revidert.

Stamme Mellisugini, «bikolibriar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, [2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[11] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[12]

Bilete Slekt Nolevande artar
 Calliphlox
  • Ametystkolibri, Calliphlox amethystina, Amethyst woodstar, (Boddaert, 1783), (LC)
 Myrtis
 Rhodopis
  • Vesperkolibri, Rhodopis vesper, Oasis hummingbird, (Lesson, RP, 1829), (LC)
 Myrmia
 Thaumastura
  • Pinsettkolibri, Thaumastura cora, Peruvian Sheartail, (Lesson, RP & Garnot, 1827), (LC)
Philodice
  • Magentakolibri, Philodice bryantae, Magenta-throated woodstar, (Lawrence, 1867), (LC)
  • Purpurkolibri, Philodice mitchellii, Purple-throated woodstar, (Bourcier, 1847), (LC)
 Eulidia
  • Aricakolibri, Eulidia yarrellii, Chilean woodstar, (Bourcier, 1847), (CR)
 Microstilbon
  • Smalhalekolibri, Microstilbon burmeisteri, Slender-tailed woodstar, (Sclater, PL, 1888), (LC)
 Chaetocercus
  • Kvitbukkolibri, Chaetocercus mulsant, White-bellied woodstar, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Pygmékolibri, Chaetocercus bombus, Little woodstar, Gould, 1871, (NT)
  • Knøttkolibri, Chaetocercus heliodor, Gorgeted woodstar, (Bourcier, 1840), (LC)
  • Santamartakolibri, Chaetocercus astreans, Santa Marta woodstar, (Bangs, 1899), (LC)
  • Esmeraldaskolibri, Chaetocercus berlepschi, Esmeraldas woodstar, Simon, 1889, (VU)
  • Rustskaftkolibri, Chaetocercus jourdanii, Rufous-shafted woodstar, (Bourcier, 1839), (LC)
 Tilmatura
  • Signalhalekolibri, Tilmatura dupontii, Sparkling-tailed woodstar, (Lesson, RP, 1832), (LC)
 Doricha
 Calothorax
  • Luciferkolibri, Calothorax lucifer, Lucifer Sheartail, (Swainson, 1827), (LC)
  • Fagerkolibri, Calothorax pulcher, Beautiful Sheartail, Gould, 1859, (LC)
 Archilochus
  • Svartstrupekolibri, Archilochus alexandri, Black-chinned hummingbird, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
  • Rubinstrupekolibri, Archilochus colubris, Ruby-throated hummingbird, (Linnaeus, 1758), (LC)
 Mellisuga
  • Dvergkolibri, Mellisuga minima, Vervain hummingbird, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Bikolibri, Mellisuga helenae, Bee hummingbird, (Lembeye, 1850), (NT)
 Nesophlox
  • Bahamaskolibri, Nesophlox evelynae, Bahama woodstar, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Inaguakolibri, Nesophlox lyrura, Inagua woodstar, (Gould, 1869), (LC)
 Calypte
  • Raudmaskekolibri, Calypte anna, Anna's hummingbird, (Lesson, RP, 1829), (LC)
  • Ørkenkolibri, Calypte costae, Costa's hummingbird, (Bourcier, 1839), (LC)
 Selasphorus
  • Kalliopekolibri, Selasphorus calliope, Calliope hummingbird, (Gould, 1847), (LC)
  • Raudkolibri, Selasphorus rufus, Rufous hummingbird, (Gmelin, JF, 1788), (NT)
  • Chaparralkolibri, Selasphorus sasin, Allen's hummingbird, (Lesson, RP, 1829), (LC)
  • Breihalekolibri, Selasphorus platycercus, Broad-tailed hummingbird, (Swainson, 1827), (LC)
  • Humlekolibri, Selasphorus heloisa, Bumblebee hummingbird, (Lesson, RP & Delattre, 1839), (LC)
  • Vinstrupekolibri, Selasphorus ellioti, Wine-throated hummingbird, (Ridgway, 1878), (LC)
  • Vulkankolibri, Selasphorus flammula, Volcano hummingbird, Salvin, 1865, (LC)
  • Gnistkolibri, Selasphorus scintilla, Scintillant hummingbird, (Gould, 1851), (LC)
  • Glokolibri, Selasphorus ardens, Glow-throated hummingbird, Salvin, 1870, (EN)
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  3. Züchner, T. and G. M. Kirwan (2020). Amethyst Woodstar (Calliphlox amethystina), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.amewoo1.01
  4. Clark, C.J.; Elias, D.O.; Prum, R.O. (2011). «Aeroelastic flutter produces hummingbird feather songs». Science 333 (6048): 1430–1433. Bibcode:2011Sci...333.1430C. PMID 21903810. doi:10.1126/science.1205222. 
  5. Clark, C.J.; McGuire, J.A.; Bonaccorso, E.; Berv, J.S.; Prum, R.O. (2018). «Complex coevolution of wing, tail, and vocal sounds of courting male bee hummingbirds». Evolution 72 (3): 630–646. PMID 29380351. doi:10.1111/evo.13432. 
  6. Licona-Vera, Yuyini; Ornelas, Juan Francisco (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (1): 126. PMC 5460336. PMID 28583078. doi:10.1186/s12862-017-0980-5. 
  7. 7,0 7,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Altshuler, D.L.; Remsen, J.V. (2007). «Phylogenetic systematics and biogeography of hummingbirds: Bayesian and maximum likelihood analyses of partitioned data and selection of an appropriate partitioning strategy». Systematic Biology 56 (5): 837–856. PMID 17934998. doi:10.1080/10635150701656360. 
  8. 8,0 8,1 Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8. 
  9. 9,0 9,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Remsen, J.V.; Dudley, R.; Altshuler, D.L. (2009). «A higher-level taxonomy for hummingbirds». Journal of Ornithology 150 (1): 155–165. doi:10.1007/s10336-008-0330-x. 
  10. Licona-Vera and Ornelas (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (126). doi:10.1186/s12862-017-0980-5. 
  11. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023. 
  12. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023.