Oiz | |||
fjell | |||
Toppen av Oiz
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Baskarland | ||
Område | Bizkaia | ||
Fjellkjede | Baskarfjella | ||
Høgd | 1 026 moh. | ||
Primærfaktor | 710 m | ||
Lettast tilkomst | Sørsida frå Garai. | ||
Koordinatar | 43°13′43.21″N 02°35′24.13″W / 43.2286694°N 2.5900361°W | ||
Oiz 43°13′43″N 2°35′24″W / 43.228669444444°N 2.5900361111111°W | |||
Wikimedia Commons: Oiz (mountain) |
Oiz[1] er eit fjell på 1026,40 moh. i Bizkaia i regionen Baskarland i Spania. Fjellet er ein del av fjellkjeda som der elvane Ibaizabal, Artibai, Lea, Oka og Deva spring ut i Gipuzkoa. Alle av dei renn ut i Biscayabukta.
På toppen av fjellet står ei radioantenne og vindturbinar.
Det er framleis område med eik og bøk i fjellet, men i dei øvre områda er det store enger der sau, ku og hest beiter. Her finst òg vill hjort og villsvin.
Oiz er knytt til baskisk mytologi og myter, og det finst fleire megalittiske monument frå førhistoria her.
19. februar 1985 trefte eit fly frå Iberia Airlines frå Madrid til Bilbao antenna og styrta i fjellsida på Oiz. Alle om bord omkom.