Ole Bjørn Sundgot | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mars 1972 (52 år) Ålesund kommune |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Språk | norsk, engelsk |
Høgd | 185 centimeter |
Far | Otto Sundgot |
Ole Bjørn Sundgot (fødd 21. mars 1972) er ein tidlegare norsk fotballspelar og fotballtrenar. Han spelte i Molde fotballklubb i 1991, 92, 93, 95, 96, 98 og 99. Frå 2001 til 2004 spelte han i FC Lyn Oslo. Sundgot blei brukt som høgreback etter at han kom til Lyn. Seinare kom han seg på plass i angrepet igjen og var Lyn sin toppskårar i serien i bronsesesongen 2002. Han har vore trenar for Hønefoss Ballklubb i 1. divisjon. Som spelar var han innom klubbane Hødd, Oldham, Bradford City, Molde og Lyn.
Han er bror til Arild Sundgot, og son til Otto Sundgot.