Oskar Braaten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. november 1881 Christiania |
Død |
17. juli 1939 (57 år) |
Yrke | manusforfattar, skribent |
Oskar Braaten på Commons |
Oskar Alexander Braaten (25. november 1881–17. juli 1939) var ein norsk skjønnlitterær forfattar som skildra arbeidarmiljøet i Oslo i si samtid, og er særleg vidgjeten for skildringane sine av livet til dei kvinnelege tekstilarbeidarane i veveria og spinneria langs Akerselva.
Oskar Braaten vart fødd på Sagene i Oslo, eller Kristiania, som byen heitte den gongen. Foreldre var Berte Marie Olsdatter og blekkslagar Hans Oskar Haakensen; dei var ugifte, og det vart til at mora oppfostra han og systera åleine. Etter å ha gjort unna folkeskulen, arbeida han som visargut før han vart tilsett hjå bokhandlar og antikvar Bertrand Jensen. Her vart han til 1910, då han tok til som fulltidsforfattar. I tillegg var han ei tid sjef for Det norske Teatret i Oslo. Han skreiv både romanar, noveller og mange skodespel, som mellom anna vart synt på Det Norske Teatret. Han skreiv mykje på nynorsk, og frå 1916 på eit dialektprega bokmål. Mange av nynorskbøkene kom seinare ut i bokmålsversjon.
Braaten gifta seg i 1910 med fiolinisten Ragna Aurora (Nanna) Martinsen.
Oskar Braaten døydde i ei trafikkulukke i Trysil den 17. juli 1939 på veg til den hytta han hadde skaffa seg der.