Peace in the Valley Song av Mahalia Jackson | ||
Utgjeve | 1937 | |
Sjanger | Julesong | |
Komponist | Thomas A. Dorsey | |
Tekstforfattar | Thomas A. Dorsey | |
Låtskrivar(ar) | Thomas A. Dorsey |
---|
«Peace in the Valley» er ein song frå 1937 av Thomas A. Dorsey, opphavleg for Mahalia Jackson.[1] Songen vart ein hit i 1951 for Red Foley and the Sunshine Boys og nådde sjuandeplassen på Country & Western Best Seller-lista.[2] Han var av dei første gospelinnspelingane som selde ein million eksemplar. Foley-versjonen vart i 2006 innlemma av Library of Congress i National Recording Registry, den amerikanske, nasjonale platesamlinga.[3]
I 1950 vart han ein av dei første songane som vart spelt inn av ein ung Sam Cooke i tida hans som frontsongar i The Soul Stirrers.
Etter suksessen til Red Foley, spelte Jo Stafford inn songen i 1954 for gospelalbumet Garden of Prayer. Etter Elvis Presley (med The Jordanaires) spelte inn songen på det første julealbumet sitt i 1957, vart songen for alltid ein countrypop-favoritt. Sidan den gongen er songen blitt spelt inn av Little Richard i 1961 på det Quincy Jones-produserte gospelalbumet It's Real, Connie Francis i 1961 på albumet Sing Along with Connie Francis; George Jones i 1962 på albumet Homecoming in Heaven; Johnny Cash på At San Quentin; Loretta Lynn; Dolly Parton; Screaming Trees, som B-sida til «Dollar Bill»; Ronnie Milsap; Art Greenhaw med The Jordanaires, Tom Brumley og Light Crust Doughboys.[4]
«Peace in the Valley» vart sungen av Eddie Clendening, i rolla som Elvis Presley, i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet, som opna i New York i april 2010.[5]
Trond Granlund har laga ein norsk versjon som heiter «Fred i sjela», og som gruppa Bjelleklang hadde på Norsktoppen ein periode.