Queenie Eye Digital av Paul McCartney frå albumet New | ||
Utgjeve | 24. oktober 2013 | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 3:47 | |
Selskap | Universal Music Group (Storbritannia) Hear Music (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Paul Epworth | |
---|---|---|
Produsent | Paul Epworth | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«New» (2013) |
Queenie Eye | «Hope for the Future» (2014)
|
«Queenie Eye» er ein song av Paul McCartney, skriven av McCartney og produsenten Paul Epworth. Det var den andre singelen frå soloalbumet til McCartney, New, frå 2013.
McCartney forklarte at namnet på songen og refrenget kom frå ein barneleik han leika då han var ung, kalla «Queenie, Queenie, who's got the ball?».[1]
Musikkvideoen til songen vart regissert av Simon Aboud, ektemannen til dottera til McCartney, Mary. Ei rekkje kjende folk dukkar opp i videoen, som Johnny Depp, George Ezra, Jeremy Irons, Chris Pine, Jude Law, Sean Penn, Alice Eve, James Corden, Meryl Streep, Tracey Ullman, Kate Moss, Lily Cole, Laura Bailey, songarane Jack Savoretti, Gary Barlow, Peter Blake, Tom Ford, Howard Long og fleire andre.
McCartney framførte songen på Grammyprisen i 2014 i lag med Ringo Starr på trommer.[2]
Liste (2013) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratip Flandern)[3] | 55 |
Japan (Japan Hot 100)[4] | 42 |
US Adult Alternative Songs (Billboard)[5] | 27 |