Robert Kirby

Robert Kirby
Fødd16. april 1948
FødestadBishop's Stortford
Død3. oktober 2009 (61 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv2009–2009
Sjangerfolkrock
Instrumenttangentinstrument
PlateselskapA&M Records
Verka somkomponist

Robert Kirby (16. april 19483. oktober 2009) var ein britisk strengarrangør og musikar innan Rock og folkemusikk. Han er mest kjend for å ha medverka på Nick Drake-albuma Five Leaves Left og Bryter Layter, men har også arbeidd med Ralph McTell, Paul Weller og Elvis Costello.

Konsert til ære for Nick Drake

[endre | endre wikiteksten]

2. juli 2005 heldt Kirby ein konsert i Central Park i New York der han framførte 18 av Nick Drakes songar, med dei originale arrangementa. Five Leaves Left blei framført i heilheit, i tillegg til utdrag av Bryter Later og Made to Love Magic. Med seg hadde han gitaristen Josh Max og songaren Julie James frå New York-gruppa The Maxes. Konserten hadde over 3000 tilskodarar med Nick Drake-fans frå heile USA.