Rovde | |||
stad | |||
Rovde kyrkje på Rovdestranda, fastlandsdelen som vart innlemma i Vanylven
Foto: Henny Stokseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Vanylven | ||
Postnummer | 6141 ROVDE | ||
Ferdselsårer | 652 | ||
Rovde kommune 62°10′30″N 5°44′17″E / 62.175°N 5.7380555555556°E |
Rovde er ein kyrkjestad og tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke. I 1837 var Rovde del av Herøy formannskapsdistrikt.
1. januar 1905 vart Rovde skild ut frå Sande som eigen kommune med 610 innbyggarar.[1] Sande var allereie 1. januar 1867 skild ut frå Herøy som eigen kommune.[2]
1. januar 1964 vart Rovde kommune delt, og den delen av kommunen som låg på Gurskøya, saman med gardane Brekke, Seljeset og Skoge i Gurskedalen i Herøy kommune, og dåverande Sande kommune, vart slått saman til den nye Sande kommune. Den delen av Rovde som gjekk inn i Sande, hadde 562 innbyggarar.[3]
Frå same dato vart Rovdestranda med 436 innbyggarar slått saman med Syvde og Vanylven kommunar til den nye Vanylven kommune.[4]
Riksveg 652 går gjennom Rovdestranda.
Rovde kyrkje er frå 1872.
Folketalsutvikling for gamle Rovde kommune frå 1905 til 1964:
1.1.1905[5] | 1.12.1920[6] | 1.12.1930[7] | 3.12.1946[7] | 1.1.1951[8] | 1.1.1961[8] | 1.1.1964[5] |
---|---|---|---|---|---|---|
610 | 674 | 750 | 888 | 901 | 994 | 998 |