Tam Lin

Notar og tekst til «Tam Lin» frå Scotish Musical Museum, redigert av Robert Burns.
Illustrasjon til eventyret «Tamlane» av John D. Batten frå More English Fairy Tales.[1]

Tam Lin er ein sogefigur frå grenselanda mellom Skottland og England. Soga er særleg kjend gjennom folkeviser. Ho handlar om Tan Lin som vert redda frå huldrefolket av ei fryktlaus ung kvinne. Sjølv om denne balladen er frå Skottland, finn ein liknande motiv der ein held ein person gjennm ulike omformingar i segner frå heile Europa.[2]

Soga er blitt omdanna til ulike forteljingar, songar og filmar. Ho har også gjeve namn til ein reel som også er kjend som Glasgow-reelen.[3] Namnet på helten varierer, han blir mellom anna kalla Tamlane, Tamlin, Tomlin, Tam Lien, Tam-a-Line, Tamas Lin og Tam Lane. Det same gjer namnet til heltinna, som til dømes blir kalla Janet, Margaret og May Margery.[4]

Carterhaugh, nær området der Yarrow Water og Ettrick Water renn saman

Dei fleste variantane av songen byrjar med ei åtvaring til ungjenter mot å dra til staden der Tam Lin er, fordi han kjem til å ta noko frå dei - gjerne jomfrudommen. Staden det er snakk om blir vanlegvis namngjeven som Carterhaugh.

Ei ung jente, vanlegvis kalla Janet eller Margaret, dreg til Carterhaugh trass åtvaringane og plukker ei dobbel rose. Då dukkar Tam opp og spør ho kvifor ho er i Carterhaugh utan at han har gjeve ho løyve og teke det som er hans. Ho seier at ho eig Carterhaugh, fordi faren hennar har gjeve det til ho.

I dei fleste variantane fer ho så heim og oppdagar at ho er gravid. Somme variantar starta soga frå dette tidspunktet. Når ein gammal riddar seier at han er far til barnet, seier ho at dette ikkje er sant, at faren er ein alv og at ho elskar han. Ho reiser attende til Carterhaugh. I somme variantar har broren fortalt ho at det veks ei urt der som ho skal ete for å ta abort. I alle variantar plukkar ho opp noko, anten det er urta eller dei same rosene som første gongen dei møttest. Tam dukkar opp att, rasande og nektar ho å ta abort.

Ho spør han om han nokon gong var menneske, anten etter at han dukkar opp att, eller i somme variantar like etter det første møtet deira. Han seier at han ein gong var ein dødeleg mann, som etter å ha falle frå hesten sin, vart redda og fanga av alvedronninga. Kvart sjuande år betaler hulderfolket ein tiande til helvete, av ein av deira folk, og Tam fryktar at han skal verte ofra den neste kvelden (halloween). Han skal ride som del av eit riddarkompani, og Janet kan kjenna han att på den kvite hesten han kjem ridande på. Han åtvarar ho om at når ho fangar han, så vil alvane gjere han om til all slags udyr for at ho skal forlate han, men han vil ikkje skade ho, og når han til slutt er gjort om til brennande kol, så skal ho kaste han i brunnen. Då vil han dukke opp att som ein naken mann som ho så skal gøyme. Janet gjer som ho får beskjed om, og vinn Tam Lin. Alvedronninga er ikkje nøgd, men godtar kravet hennar.

I forskjellige versjonar er Tam Lin visstnok barnebarnet til Laird of Roxburgh, Laird of Foulis, jarlen av Forbes eller jarlen av Murray. Namnet hans varierer òg i forskjellige versjonar (Tam Lin er den vanlegaste) som Tom Line, Tomlin, Young Tambling, og Tam-a-line.

Det er fleire tolkingar av Tam Lin-soga. Den første dokumenterte versjonen av songen finst i boka The Complaynt of Scotland frå 1549. Francis James Child samla inn fjorten variantar i The English and Scottish Popular Ballads,[5] I moderne tid er soga blitt attfortald i ei rekkje prosaverk, kanskje på grunn av den sterk kvinnelege hovudperosnen.[6] Songen er også blitt spelt inn ei rekkje gonger.

Barnebøker
  • Tamlin (Тамлин) - folkrockband frå Ukraina[8]

Følgjande artistar har spelt inn versjonar, alle kalla «Tam Lin» med mindre anna står nemnt

  1. Jacobs, Joseph; Batten, John D. (1894). «Tamlane». More English Fairy Tales (2. utg.). London: David Nutt. s. 159–62 & notes: 238. ISBN 0-370-01023-X. 
  2. Francis James Child, The English and Scottish Popular Ballads, v 1, s. 336-7, Dover Publications, New York 1965
  3. Tam Lin (på engelsk), henta 20. november 2018 
  4. «Minor Variations in Tam Lin», www.tam-lin.org, henta 20. november 2018 
  5. Francis James Child, English and Scottish Popular Ballads, «Tam Lin»
  6. «Tam Lin», The Oxford Encyclopedia of Children's Literature (på engelsk) (Oxford Reference), doi:10.1093/acref/9780195146561.001.0001/acref-9780195146561-e-3141, henta 20. november 2018 
  7. «Tam Lin retellings», www.tam-lin.org, henta 20. november 2018 
  8. 8,0 8,1 «Тамлин». folk.poesie.ru. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Teksten til Tam Lin i Child's Collected Ballads by Francis James Child ved Wikisource.

Wikisource

Teksten til Tamlane i More English Fairy Tales ved Wikisource.