«This Is Our Night» Singel av Sákis Rouvas frå albumet This Is Our Night | ||
B-side | ||
---|---|---|
Land | Hellas | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 12. februar 2009 (Sjå utgjevingshistorie) | |
Innspelt | September 2008–januar 2009 | |
Sjanger | Elektropop og dance | |
Lengd | 2:59 | |
Selskap | Minos EMI | |
Tekstforfattar | Dimitris Kontopoulos | |
Låtskrivar(ar) | Dimítris Kontópoulos, Craig Porteils og Cameron Giles-Webb | |
Produsent | Dimítris Kontópoulos | |
Sákis Rouvas-kronologi | ||
«Zíse ti zoí» (2007) |
«This Is Our Night» | «Spáse to khróno» (2009)
|
«This Is Our Night» (engelsk for 'Dette er vår natt') var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, framført på engelsk av Sákis Rouvas. Songen er skriven av Dimítris Kontópoulos, Craig Porteils og Cameron Giles-Webb, og vart gjeven ut 12. februar 2009. «This Is Our Night» vart teken med på nyutgjevinga av albumet Írthes, This Is Our Night, i 2009.
15. juli 2008 vart Sákis Rouvás vald internt av Ellinikí Radiofonía Tileórasi til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2009. I den nasjonale uttakinga framførte Róuvas tre songer, mellom dei «This Is Our Night», på engelsk. Songen fekk 81 prosent av røystane og vann. Rouvás fekk representere Hellas med «This Is Our Night».
Hellas deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 og enda på fjerdeplass med 110 poeng; tolv frå Kypros og Albania, ti frå Serbia og Nederland, seks frå Ungarn, Moldova, Frankrike og Spania, fem frå Slovakia og Estland, fire frå Latvia, Slovenia, Aserbajdsjan, Litauen, Ukraina og Russland, tre frå Kroatia, to frå Polen og Danmark og eitt frå Noreg. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på sjuandeplass med 120 poeng; tolv frå Albania, Bulgaria og Kypros, ti frå Armenia, åtte frå Romania, sju frå Kroatia og Malta, seks frå Tyskland og Serbia, fem frå Bosnia-Hercegovina, Storbritannia, Belgia og Kviterussland, fire frå Russland, Slovenia og Ungarn, to frå Sverige, Montenegro og Sveits og eitt frå Spania og Nederland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda femteplass med 151 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 93 poeng. Av di Hellas enda på topp 10 for sjette år på rad vart landet det nest mest vellukka deltakarlandet det siste tiåret til tross for at dei ikkje deltok i 2000.
Region | Dato | Selskap | Format |
---|---|---|---|
Hellas | 12. februar 2009 | Minos EMI | Radiosingel |
25. februar 2009 | Minos EMI | Digital nedlasting | |
Kypros | 12. februar 2009 | Minos EMI | Radio single |
Belgia | 23. mars 2009 | Minos EMI | Radiosingel |
23. mars 2009 | Minos EMI | Digital nedlasting |
Liste (2009) | Plassering |
---|---|
Swedish Singles Chart[1] | 30 |