Tommy Tedesco | |||
Fødd | 3. juli 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Niagara Falls | ||
Død | 10. november 1997 (67 år) | ||
Dødsstad | Northridge | ||
Fødenamn | Thomas J. Tedesco | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Jazz, rock, pop | ||
Instrument | Gitar | ||
Plateselskap | Discovery Records | ||
Verka som | jazzmusikar, jazzgitarist, gitarist |
Thomas J. Tedesco (3. juli 1930–10. november 1997) var ein USA-amerikansk studiomusikar og jazz- og bebopgitarist.[1]
Tedesco spelte mellom anna på kjenningsmelodien til TV-seriane Bonanza, The Twilight Zone, Vic Mizzy sitt tema frå Green Acres, M*A*S*H, Batman og Elvis Presley's '68 Comeback Special. Tedesco var på skjermen i fleire fjernsynsshow, og spelte gitaristen Tommy Marinucci, eit medlem av Happy Kyne's Mirth-Makers i Fernwood 2 Night.[2]
Tedesco vart av magasinet Guitar Player skildra som den mest innspelte gitaristen i historia og har spelt på tusenvis av innspelingar, fleire av dei hittar.[3] Han har spelt med dei fleste toppmusikarane som arbeidde i Los Angeles-området, som The Beach Boys, The Mamas & the Papas, The Everly Brothers, The Association, Barbra Streisand, Jan and Dean, The 5th Dimension, Elvis Presley, Sam Cooke, Ella Fitzgerald, Frank Zappa, Ricky Nelson, Cher og Nancy og Frank Sinatra, i tillegg til Richard Harris-klassikaren «MacArthur Park». Han spelte på Jack Nitzsche sin «The Lonely Surfer», på Wayne Newton sin versjon av «Danke Schoen», B. Bumble and the Stingers sin «Nut Rocker», The Rip Chords sin «Hey Little Cobra», The Ronettes sin «Be My Baby», The Sandpipers sin «Guantanamera», The T-Bones sin «No Matter What Shape» og Nino Tempo & April Stevens sin versjon av «Deep Purple».
Med Chet Baker
Med Don Ellis
Med Lalo Schifrin
Med Hugh Masekela