Torgeir Brandtzæg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. oktober 1941 (83 år) Steinkjer kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1964 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1964 – Stor bakke |
Torgeir Torbjørn Brandtzæg (fødd 6. oktober 1941) i Ogndal er ein norsk, tidlegare skihoppar som under vinter-OL 1964 i Innsbruck vann bronsemedaljen både i normalbakke- og storbakkerennet. Brandtzæg tevla for Ogndal IL, og gjekk under tilnamnet «Friskusen frå Ogndalen».
Brandtzæg slo seg inni i den internasjonale hoppeliten under den tysk-austerrikske hoppveka 1962/63. Samanlagt vart han nummer 5, etter å ha vorte nummer 2 bak Torbjørn Yggeseth i avslutningsrennet i Bischofshofen.
Både i 1963 og 1964 hadde Brandtzæg einast ein jambyrdig konkurrent i NM-rennet, Yggeseth i 1963 og Toralf Engan i 1964. Brandtzæg vart noregsmeister begge åra. I 1965, fyrste hoppsesongen det vart avvikla renn i både normal og stor bakke, var stoda sameleis i storbakken, då var det Bjørn Wirkola som med knapp margin vart vist til sølvplassen. I normalbakken Midtubakken derimot, vart Wirkola ein ganske klar vinnar, føre Brandtzæg.
Brandtzæg vann ein suveren siger i Svenska skidspelen i 1964. I hopprennet i Lahti same sesongen, der han vart nummer 2, hoppa han nesten jamnt med Veikko Kankkonen.
Brandtzæg gjekk til topps i den tysk-austerrikske hoppveka 1964/65. Han sigra i tre av renna, og vann med klar margin til toaren Wirkola. Brandtzæg vart sterkt skadd under eit renn i Pitkävuori i 1965, og la deretter hoppskia på hylla.