Up Studioalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. september 2002 | |
Innspelt | April 1995 til oktober 1998 (hovudinnspelingane), tidleg 2000 til april 2002 (ekstra innspelingar) | |
Studio | Real World Studios i Box i England, (hovudinnspelingane) The Meduse og The Real World Mobile Recorder i Senegal og Frankrike (ekstra innspelingar) | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock, elektronisk rock, industriell rock, downtempo, worldbeat | |
Lengd | 66:40 | |
Selskap | Geffen (US & Canada), Realworld | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Produsent | Peter Gabriel | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
Long Walk Home: Music from the Rabbit-Proof Fence (2002) |
Up | Hit (2003)
|
Singlar frå Up | ||
|
Up er det sjuande studioalbumet og det 13. albumet i alt av den britiske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut i 2002. Det er det siste fulle studioalbumet hans med ny original musikk til no, sidan dei seinare albuma Scratch My Back og New Blood inneheld versjonar av høvesvis andre artistar sine songar og orkesterutgåver av eldre materiale av Gabriel.
Arbeidet med albumet byrja våren 1995. På eit tidspunkt vurderte han namnet I/O på albumet. Gabriel sa at albumet var nær ferdig i i 1998, men det kom ikkje ut før i september 2002. I månadane før albumet kom ut, kom det videoklipp der Gabriel snakka om songane, i tillegg til korte demoar av kvar song på den offisielle heimesida hans.
Tekstane på albumet omhandlar for det meste fødsel og særleg død. Opningssporet, «Darkness», er ein song om å overvinne frykt. «Growing Up» er ei oppsummering av livet sett til ein pulerande rytme. «Sky Blue» er ein song Gabriel hevda å arbeide på i ti år før han vart ferdig. Sporet «No Way Out» er det første sporet som berre handlar om død, sjølv om død er eit gjennomgåande tema på heile albumet. «I Grieve» kom til då Gabriel såg over katalogen sin med musikk som om det var ein katalog over kjenslemessige reiskap. Han fann ut at det var ein større reiskap som mangla, om korleis ein taklar død og derfor skreiv han «I Grieve». Gabriel framførte songen på fjernsynsshowet Larry King Weekend på eittårsdagen for 11. september-åtaka i USA, då Gabriel fortalte at dei to døtrene hans budde i New York City og han ikkje fekk kontakt med dei d dette skjedde. Songen var for dei folka som ikkje høyrte noko frå familien sin under hendinga.[1] Songen vart derimot ikkje skriven spesifikt for 11. september, og hadde vore med på filmmusikken til City of Angels i 1998 (i ein tidlegare versjon) og framført på konsertar før 9. september.
Den første singelen frå Up var «The Barry Williams Show» ein dempa, jazza song som omhandlar prateshowvertar som Jerry Springer. Den andre singelen, «More Than This», er ein av dei meir livlege songane på albumet. Songen lurer på om det er noko meir i livet. Songen «Signal to Noise» vart ei utfordring for Gabriel fordi gjestevokalisten hans Nusrat Fateh Ali Khan døydde. Vokalen hans var alt som var att for å gjere ferdig songen, og Gabriel nytta i staden eit konsertopptak av songen frå 1996. «The Drop», den siste songen på albumet, består av berre Gabriel og eit flygel.
Plateomslaget syner fem vassdropar på ei diagonal linje, over ein uskarp bakgrunn av andletet til Gabriel. Kvar drope inneheld eit refraktert bilete av andletet.
Albumet kom i stereo på CD og vinyl, medan ein kringlydversjon kom ut på Super Audio CD og DTS DVD-A.
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 74/100[2] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Entertainment.ie | [4] |
Entertainment Weekly | A−[5] |
The Guardian | [6] |
Kludge | 7/10[7] |
Pitchfork Media | 7.2/10[8] |
Rolling Stone | [9] |
Up fekk generelt positive meldingar frå kritikarane. Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på meldingar frå kjende magasin, nettstader og aviser, gav albumet 74 av 100, basert på 16 meldingar.[2]
Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Darkness» | 6:51 |
2. | «Growing Up» | 7:33 |
3. | «Sky Blue» | 6:37 |
4. | «No Way Out» | 7:53 |
5. | «I Grieve» | 7:25 |
6. | «The Barry Williams Show» | 7:16 |
7. | «My Head Sounds Like That» | 6:29 |
8. | «More than This» | 6:02 |
9. | «Signal to Noise» | 7:36 |
10. | «The Drop» | 2:59 |
Liste (2002) | Plassering |
---|---|
Australske album (ARIA)[10] | 37 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[11] | 9 |
Belgiske album (Ultratop Flandern)[12] | 21 |
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[13] | 4 |
Kanadiske album (Billboard)[14] | 2 |
Danske album (Hitlisten)[15] | 16 |
Nederlandske album (MegaCharts)[16] | 18 |
Finske album (Suomen virallinen lista)[17] | 11 |
Franske album (SNEP)[18] | 4 |
Italienske album (FIMI)[19] | 1 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[20] | 35 |
Norske album (VG-lista)[21] | 11 |
Polske album (ZPAV)[22] | 4 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[23] | 6 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[24] | 4 |
Britiske album (OCC)[25] | 11 |
US Billboard 200[26] | 9 |
US Top Internet Albums | 9 |
Organisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
BPI – UK | Sølv | 18 Oktober 2002 |
CRIA – Canada | Gull | 23. juli 2003 |