Yoann Kowal | |
Kowal under EM 2022. Foto: Sandro Halank
| |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 28. mai 1987 (37 år) Nogent-le-Rotrou |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2012, VM i friidrett innendørs 2014, Kontinentalcupen i friidrett 2010, EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2009, EM i friidrett innendørs 2011, EM i friidrett innendørs 2013, EM i friidrett innendørs 2015, EM i terrengløp 2009, Jeux de la Francophonie 2013, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Yoann Kowal (fødd 28. mai 1987) er ein fransk mellom- og langdistanseløpar som i 2014 vart europameister i 3 000 meter hinder og to år seinare tok bronsen i same øvinga.
Kowal deltok i 2010 på 1500 meter ved friidretts-EM i Barcelona, og vart femtemann i finalen. Året etter sette han 8. juli personbeste på distansen med 3.33,7 i eit stemne i Paris. Etter å ha roke ut i semifinalane på 1500 meter både under verdsmeisterskapen 2011 og sommar-OL i 2012, valde han i staden å satse på 3 000 meter hinder.
Den 9. juni 2013 fekk Kowal i Rabat notert 8.12,5 i hinderløpet, ei tid som vorte ståande som personleg rekord. Seinare i sesongen kom han på åttandeplass i verdsmeisterskapen. Sommaren 2014 vann han gjennom ein frisk spurt EM-gullet på ordinære 8.26,6. OL-sesongen 2016 tok han bronsen i 3 000 m hinder under Amsterdam-EM og han vart nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Under Berlin-EM 2018 var Kowal eit lite sekund for seint ute til å sikre seg ein ny EM-bronse i 3 000 m hinder.