Arne Kjell Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. desember 1937 (86 år) Asker |
Idrett | kombinert, skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Arne Kjell Larsen (fødd 23. desember 1937) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Asker. Verdsmeister i øvinga i 1962. Han var medlem i Heggedal Idrettslag.
Larsen deltok under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men tok ingen medaljar her. Under Ski-VM 1962 i Zakopane i Polen vart han verdsmeister i kombinert. Same året vann han i kombinert i Svenska skidspelen og dessutan vart han noregsmeister både i kombinert og i skihopp. Den litt uvanlege skihoppstilen til Larsen var med armane strekte framover i svevet, lik dei tyske Helmut Recknagel og Max Bolkart.
Arne Larsen er den einaste kombinertløparen som har vorte noregsmeister i spesialhopp.
Arne Kjell Larsen tok del i Vinter-OL 1964 i Innsbruck, men tok ingen medaljar heim frå dette OL-et heller. Men same året vann han i kombinert i Lahtispelen. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1965, og har i tillegg to kongepokalar.
På sida av skikarrieren var Larsen bakar og dreiv Heggedal Bakeri.