«Boom Bang-a-Bang» Song av Lulu | ||
![]() | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:20 | |
Selskap | Columbia[1] | |
Låtskrivar(ar) | Alan Moorhouse og Peter Warne | |
---|---|---|
Produsent | Mickie Most |
«Boom Bang-a-Bang» er ein britisk popsong som vann Eurovision Song Contest 1969 for Storbritannia. Songen vart sungen av Lulu og var skriven av Alan Moorhouse og Peter Warne (også kjend som Michael Julien). Warne skreiv også «Kiss Me, Honey Honey, Honey» til Shirley Bassey. Dette var den andre sigeren til Storbritannia i tevlinga, men «Boom Bang-a-Bang» delte sigeren med tre andre land, sidan det ikkje var nokon reglar som hindra ei deling av sigeren.[2] Like fullt fekk songen den største kommersielle suksessen etter Eurovision Song Contest, og han toppa VG-lista i tre veker.[3]
BBC hadde på førehand vald Lulu til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest dette året. I ein TV-sendt, nasjonal finale song Lulu seks ulike låtar som TV-sjåarane kunne røyste på via postkort. Ein av låtane var skriven av Elton John,[4] men det var «Boom Bang-a-Bang» av Alan Moorhouse og Peter Warne som fekk flest røyster. Songen blei dimed det britiske bidraget til den internasjonale finalen i Madrid laurdag 29. mars.
I Madrid var «Boom Bang-a-Bang» det sjuande bidraget ut på scena av 16 bidrag. I avrøystinga fekk songen 18 poeng – like mange som Spanias «Vivo cantando» med Salomé, Nederlands «De troubadour» med Lenny Kuhr og Frankrikes «Un jour, un enfant» med Frida Boccara, med det var ingen reglar som sa at det berre skulle vere ein vinnar. Dimed blei alle fire landa erklært som vinnarar, for fyrste – og einaste – gong i historia. Året etter blei reglane endra, slik at det berre kan vere eitt land som vinn Eurovision Song Contest.
«Boom Bang-a-Bang fekk ingen poeng av den norske jurygruppa. I kvar jury sat ti personar som kvar hadde eit poeng å fordele til sin favorittmelodi.[5]
Trass at den norske jurygruppa ikkje gav «Boom Bang-a-Bang» nokon poeng, blei songen svært populær i Noreg. Songen toppa VG-lista i tre veker. Også i ei rekkje andre land tok songen seg inn på singellistene.
Liste (1969) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
10 |
![]() |
15 |
![]() |
4 |
![]() |
12 |
![]() |
9 |
![]() |
10 |
![]() |
41 |
![]() |
1 |
![]() |
19 |
![]() |
19 |
![]() |
5 |
![]() |
1 |
![]() |
5 |
![]() |
2 |
![]() |
3 |
![]() |
3 |
![]() |
8 |
«Boom Bang-a-Bang» var det andre bidraget på rad med såkalla tulletittel til å vinne Eurovision Song Contest. Året før hadde spanske Massiel vunne med låten «La, la, la», der ordet «la» blei gjenteke heile 138 gongar.[17] «Boom Bang-a-Bang» blei lagt merke til blant komikarar, og blant anna parodierte Monty Python's Flying Circus songen under tittelen «Bing Tiddle-Tiddle Bong».[18]
«Boom Bang-a-Bang» er ein lystig popsong i typisk 1960-talsstil. I teksten syng Lulu at hjartet hennar banker ekstra kvar gong ho treffer sin kjære. Ho syng at «hjartet mitt slår boom bang-a-bang, boom bang-a-bang når du er nær». Ho ber han også om å komme nærare og halde henne hardt.[19]
Over 20 år etter at «Boom Bang-a-Bang» fyrst blei gjeven ut, kom songen på lista over songar som ikkje kunne spelast på BBC så lenge Golfkrigen pågjekk i 1991.[20]
Boom Bang-a-Bang var også namnet på eit program på BBC One i anledning 50-årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2006. Det blei sendt veka før Eurovision Song Contest 2006, og programleiar var Sir Terry Wogan. Programmet viste arkivopptak og høgdepunkt frå tidlegare tevlingar.[21]
Songen var også tittellåt i situasjonskomedien Him & Her på BBC Three frå 2010.