Foxy Lady Song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are You Experienced | ||
Utgjeve | 12. mai 1967 (UK) | |
Innspelt | 13. desember 1966 | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Track Records (UK) | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
Produsent | Chas Chandler |
Foxy Lady Singel av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are You Experienced | ||
B-side |
«Hey Joe» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1967 (berre USA) | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:19 | |
Selskap | Reprise Records | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
«Burning of the Midnight Lamp» (1967) |
Foxy Lady | «Up from the Skies» (1968)
|
«Foxy Lady» (eller stundom «Foxey Lady») er ein song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Are you Experienced i 1967. Songen finst òg på mange av samlealbuma til Jimi Hendrix. Rolling Stone kåra songen til den 152. beste på lista si over dei 500 beste rockesongane gjennom tidene.
Songen er kjend for gitarriffet, der Hendrix skiftar mellom to oktaver. Det er ein av dei første songane der Hendrix nyttar feedback på ei studioinnspeling. Songen nyttar den såkalla Hendrix-akkorden, den dominante 7#9.
Den amerikanske versjonen av Are You Experienced har ført opp songen på plateomslaget som «Foxey Lady», som var ein trykkfeil,[1] og mange skriv derfor namnet slik i dag.
Gruppa hadde vanskar med å avgjere korleis dei skulle avslutte songen. Bassisten Noel Redding hevdar den siste akkorden var forslaget hans.[2]
Hendrix kommenterte teksten sin og sa at han ikkje pleide å snakke til damer på ein så direkte måte som teksten indikerer.[2]
154: «A Hard Day's Night» The Beatles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 153 «Foxy Lady» Jimi Hendrix |
152: «Earth Angel » The Penguins |