Helge Solum Larsen | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1969 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 18. desember 2015 (46 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Fylkestingsmedlem i Rogaland 2011–2015 | ||
Verv | Bystyremedlem i Stavanger 1991–2015 | ||
Verv | 1. nestleiar i Venstre 2010–2012 | ||
Verv | Leiar i Rogaland Venstre 1994–1997 | ||
Føregangar | Marit Jelsa | ||
Etterfylgjar | Iselin Nybø | ||
Verv | Leiar av Unge Venstre 1994–1997 | ||
Alle verv |
Helge Solum Larsen (14. januar 1969–18. desember 2015)[1] frå Stavanger var ein norsk politikar (Venstre). Han sartt i bystyret i Stavanger frå 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 var han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnd til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.
Etter valet blei han leiar av Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger og fylkesutvalgsmedlem i Rogaland. Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre, men fullførte perioden som folkevald til det nye fylkestinget og bystyret kom på plass hausten 2015.[2] Bakgrunnen var ei valdteksanklage som førte til sikting og seinare henlegging.[3][4][5][6]
Solum Larsen døydde plutseleg den 18. desember 2015, etter ei hjernebløding.[7]