Karl Seglem | |||
![]() Karl Seglem, Sigurd Hole og Gisle Torvik under Vossajazz 2014 | |||
Fødd | 8. juli 1961 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Årdalstangen | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz, folkemusikk | ||
Instrument | saksofon, bukkehorn | ||
Plateselskap | NORCD | ||
Verka som | jazzmusikar, komponist, saksofonist | ||
Prisar | Buddyprisen, Egil Storbekkens musikkpris, Kardemommestipendiet, Edvard-prisen i populærmusikk |
Karl Seglem (fødd 8. juli 1961 på Årdalstangen) er ein norsk musikar (saksofon og bukkehorn), komponist og plateprodusent. Seglem er kjend frå ei rekkje innspelingar med jazz og folkemusikk i kombinasjon og som leiar av sitt eige plateselskap, NORCD, sidan 1991.
Seglem vart utdanna ved musikklinja på Voss folkehøgskule (1978–80), før han i Bergen samarbeida med Arvid Genius, Jan Grieg kvartett, Kenneth Sivertsen (1980–92) og Knut Kristiansen på 1980-talet. Han leia og sitt eige orkester «Growl», skreiv for Jazznytt og var politisk aktiv i Foreningen norske jazzmusikere.
Som soloartist har han gjeve ut åtte album. Det lange samarbeidet hans med perkusjonist Terje Isungset har hatt form av duoen Isglem og trioen Utla der også hardingfelespelar Håkon Høgemo bidreg. Båe har resultert i fleire utgjevingar på eige selskap. Med poeten Jon Fosse har han to utgjevingar. Seglem har turnert omfattande for Rikskonsertene og Den norske jazzscene.