Lesbiinae | |
Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Joseph C Boone
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Lesbiinae er ein av dei seks underfamiliane som utgjer familien kolibriar med 124 av alle ca. 365 kolibriartar. Underfamilien er delt inn i to biologiske tribus (stammar): Heliantheini («briljantar») som inneheld 13 slekter og Lesbiini («koketter») som inneheld 18 slekter.[1][2]
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at familien bestod av ni klader.[3] Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar og foreslo å bruke namnet Lesbiinae for ein underfamilie som inneheld stammane Heliantheini og Lesbiini. Underfamilien Lesbiinae vart første gongen introdusert av Ludwig Reichenbach i 1854.[4][5]
Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][3][6] I kladogrammet nedanfor er dei engelske namna introduserte i 1997.[7] Dei latinske namna er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[5]
Kladogram for kolibrifamilien:
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[8] |
For oversyn av biologiske slekter og artar i Lesbiinae, sjå lister for stammane