Lillehammer | |||
By | |||
Lillehammer sett frå Vingnes.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Lillehammer | ||
Areal | 11,5 km² | ||
Folketal | 21 263 (2023) | ||
Folketettleik | 1 849 / km² | ||
Innbyggjarnamn | lillehamring | ||
Preposisjon | på Lillehammer | ||
Ferdselsårer | 213250255 | ||
Lillehammer 61°06′58″N 10°27′28″E / 61.116111°N 10.457778°E | |||
Wikimedia Commons: Lillehammer |
Lillehammer er ein by og administrasjonssenteret i Lillehammer kommune i Innlandet fylke. Byen har 21 263 innbyggjarar per 1. januar 2023, er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Oppland, og er prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.
Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med byen sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidare samband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet gjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden mogleg, og bidrog til at byen voks fram.
Lillehammer var i 1994 vertsby for dei 17. olympiske vinterleikane; vinter-OL 1994. Samstundes var vinter-PL 1994 arrangert i byen. I den samanhengen vart det bygd nye idrettsanlegg, og eksisterande kulturbygg og vegar fekk ei opprusting. I 2016 var Lillehammer på nytt vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var vald ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.
I Norden[endre | endre wikiteksten] |
I andre land[endre | endre wikiteksten] |
«Lillehammer» i Store norske leksikon, snl.no.