Mikael Wiehe | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 10. april 1946 (78 år) Stockholm |
Yrke | gitarist, komponist, songar-låtskrivar, plateartist |
Språk | svensk |
Medlem av | Hoola Bandoola Band |
Nettstad | http://www.mikaelwiehe.se/ |
Mikael Wiehe på Commons |
Mikael Christian Wiehe (fødd 10. april 1946) er ein svensk musikar, songar, tekstforfattar og komponist.
Wiehe sine tekstar, inspirererte av m. a. Bob Dylan, kan vere politiske eller personlege. Dei politiske forsøker ta opp politiske emne sett frå folkets side, eller tilhøve han sjølv meiner er urett. Wiehe var ein forgrunnsfigur for den svenske venstreorienterte musikrørsla på 1970-talet. Han var spelte ofte i lag med sin nære ven Björn Afzelius. Dei hadde blant anna rockegruppa Hoola Bandoola Band i lag, ei av dei fremste svenske proggrockgruppene.
Mikael Wiehe er fødd i Stockholm og voks opp i Kjøbenhavn (till 1952) og Malmö. Faren var dansk, mora svensk. Han tok pianotimar som barn, men var sjølvlært på gitar og saksofon. Det første orkesteret han spelte med var Cooling's Traditional Jazzmen, eit band under leiing av Hans Carling, i 1963.
Wiehe spelte i lag jazzorkesteret Bluncks Lucky Seven frå 1964 til 1967 og sidan i Mockers, eit meir poporientert band inspirert av The Beatles og Bob Dylan. Etter eit par år vart Mockers oppløyst, og han byrja å spele med Spridda Skurar, eit band som etter kvart gjekk over i Hoola Bandoola Band .
Etter at Hoola Bandoola Band vart oppløyst, starta Wiehe Kabaréorkestern. Åra 1986-87 spelte han i ein duo med Björn Afzelius, og dei gav ut eitt album.
Wiehe har utover det å skrive eigne songar, tolka andra artistar, framfor alle Bob Dylan sine songar. Det første albumet hans med Dylantolkingar, Dom ensligas allé, kom 1982. I samarbeid med Totta Näslund lagde han plata Totta & Wiehe - Dylan, som utkom 2006, etter at Näslund var død.
Sjå òg Hoola Bandoola Band. Samleplater er ikkje tatt med.