Pardesiya | |||
פַּרְדֵּסִיָּה | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Hagestaden | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°18′10.03″N 34°54′39.41″E / 32.3027861°N 34.9109472°E | ||
Areal | 1,273 km² | ||
Folketal | 6 200 (2007) | ||
Folketettleik | 4 870 / km² | ||
Grunnlagd | 1937 | ||
• Bystatus | 1952 | ||
Borgarmeister | Yitzhak Yemini | ||
Pardesiya 32°18′10″N 34°54′39″E / 32.302786°N 34.910947°E | |||
Kart som viser Pardesiya.
| |||
Wikimedia Commons: Pardesiya |
Pardesiya (hebraisk skrift פַּרְדֵּסִיָּה) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Kfar Yona og Lev HaSharon regionale kommune. Han vart grunnlagd mellom 1937 og 1939.[1] Folketalet var i 2007 6 200,[2] over eit område på kring 1,3 km2.
Landområdet som Pardesiya ligg på vart kjøpt i 1928 av Jean-Yona Fisher, men vart liggande ubrukt. I 1937 bad Avraham Tabib frå den jemenittiske olim-organisasjonen medlemmane sine om å kome til landet og byggje ein landsby, med lovnad om billig land.[3] Tjue familiar kom og i 1939 var bygginga ferdig. Under andre verdskrigen vart landsbybuarane arbeidslause og klarte ikkje å betale skattane for husa sine. Innnbyggjarane klarte å løyse saka med Jewish Agency for Israel og vart buande i landsbyen. Etter krigen vart det bygd eit nytt nabolag, i tillegg til ein ma'abara for å ta inn nye immigrantar. Pardesiya fekk lokal kommunestatus i 1952.[1]
Pardesiya ligg på Sharonsletta og grensar til Kfar Yona i east og Tzur Moshe i Lev HaSharon regionale kommune. Hovudveg 4 går langs vestsida av byen, og Veg 5613 i sør. Staden ligg 35 meter over havet.[4]