She's Always a Woman 7" singel, 12" singel av Billy Joel frå albumet The Stranger | ||
B-side |
«Vienna» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1977 | |
Innspelt | A & R Recording, Inc., New York City, 1977 | |
Sjanger | Softrock, folkrock | |
Lengd | 3:21 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Only the Good Die Young» (1977) |
She's Always a Woman | «The Stranger» (1978)
|
«She's Always a Woman» er ein song av Billy Joel frå albumet The Stranger i 1977. Han er ein kjærleikssong om ei moderne kvinne, som han forelskar seg i trass i underlege vanar og lyte. Singelen nådde 17. plass i USA og i 1986 nådde han 53. plassen i Storbritannia då han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Just the Way You Are». Den 2. mai 2010 gjekk songen igjen inn på den britiske singellista og nådde 29. plassen.
Songen vert spelt i 6/8-takt. Ein Muzak-versjon av songen vart spelt i World Trade Center augneblikk før bygningen vart øydelagd[1] under 11. september-åtaka i 2001.
Songen vart gjeven ut i 1977, etter fleire andre hittar frå The Stranger inkludert «Just the Way You Are», «Movin' Out (Anthony's Song)» og «Only the Good Die Young». Musikalsk har Joel sagt at han var inspirert av Gordon Lightfoot og dei rolege, akustiske gitarballadane hans. Det er ein kjærleikssong som Joel skreiv til den dåverande kona si, Elizabeth.
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 17 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 2 |
Liste (1978) | Plassering |
Belgia (Flandern)[2] | 28 |
Canada[3] | 12 |
Nederland[4] | 15 |
Liste (1986) | Plassering |
Irland | 22 |
UK Singles Chart | 53 |
Liste (2007) | Plassering |
Italia[5] | 56 |
Liste (2010) | Plassering |
UK Singles Chart | 29 |
Liste (2011) | Plassering |
Austerrike[6] | 37 |
She's Always a Woman Singel av Fyfe Dangerfield frå albumet Fly Yellow Moon | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. mai 2010 | |
Lengd | 3:14 | |
Selskap | Fantastic Plastic, Polydor | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Fyfe Dangerfield-kronologi | ||
---|---|---|
«Faster Than the Setting Sun» (2010) |
She's Always a Woman | «Barricades" (2010)
|
Fyfe Dangerfield, frontperson i Guillemots, spelte ein versjon av songen i 2010 som vart nytta i ein reklamefilm for den britiske butikken John Lewis.[7] Dette gjorde at originalversjonen til Billy Joel gjekk inn på den britiske singellista på 29. plass den 1. mai 2010.
Dangerfield-versjonen av songen gjekk inn på UK Singles Chart den 2. mai 2010 på ein 99. plass og klatra etter kvart heilt til 7. plassen