Sky Saxon

Sky Sunlight Saxon

Saxon i Tyskland i mars 1989
Fødd20. august 1937(1937-08-20)
FødestadSalt Lake City i Utah i USA
Død25. juni 2009 (71 år)
DødsstadAustin i Texas i USA
FødenamnRichard Elvern Marsh
AliasLittle Richie Marsh
OpphavUSA
Aktiv1962–2009
SjangerRock, psykedelisk rock, garasjerock, acid rock, proto-punk
InstrumentSong, bassgitar, gitar
PlateselskapGNP Crescendo
Verka somMusikar
Låtskrivar

Sky «Sunlight» Saxon (20. august 193725. juni 2009) var ei amerikansk rockemusikar, mest kjend som leiar og songar i det psykedeliske garasjerockband The Seeds i Los Angeeles på 60-talet.[1]

Saxon byrjar karrieren sin som doo-wop-songar tidleg i 1960-åra med namnet Little Richie Marsh.[2] Etter å ha endra namn til Sky Saxon, skipa han The Electra-Fires i 1962 og så Sky Saxon & the Soul Rockers.[3] Fleire av desse tidlege songane vart gjevne ut i 1983 på albumet New Fruit from Old Seeds / The Rare Sky Saxon, Volume One.

I 1965 skipa Saxon det psykedelisk flower power-bandet The Seeds med Jan Savage (gitar), Rick Andridge (trommer) og Darryl Hooper (klaverinstrument).[4] Dei fekk hittar som «Can't Seem to Make You Mine», «Mr. Farmer» og «Pushin' Too Hard». Songstilen til Saxon vart kritisert av Lester Bangs som ei amerikansk etterlikning av Mick Jagger,[5] medan Michael Hicks reknar stilen som ei komplisert blanding av Jagger, Eddie Cochran og Buddy Holly.[6]

Etter The Seeds

[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra fortsette Saxon å arbeide med musikk og gav ut fleire singlar og nokre få sjølvstendige album, ofte med namna Sky Sunlight Saxon, The New Seeds eller variantar av dette.

I 1973 vart han medlem av den religiøse gruppa Source Family, og det var her han fekk namna Sunlight og Arlick.[7][8] I 1998 sette Saxon saman ei samlinga av 13 CD-ar med psykedelisk, primitiv musikk spelt inn av bandet til denne religiøse gruppa, Ya Ho Wa 13 1970-åra.[9]

I 2008 samarbeidde Saxon og The Seeds på nokre nye ongar med Billy Corgan frå Smashing Pumpkins.[10] Saxon var seinare med i musikkvideoen til Smashing Pumpkins-songen «Superchrist».[11]

Den 25. juni 2009 døydde Saxon uventa på eit sjukehus i Austin i Texas etter at ein enkel infeksjon hadde spreidd seg til organa hans. Han døydde av hjarte- og nyresvikt, 71 år gammal.[12]

Mediadekninga av dødsfallet hans hamna stort sett i skuggen av Michael Jackson, som døydde same dagen.

Den 24. juli 2009 heldt medlemmar av The Smashing Pumpkins, Love og The Electric Prunes ein minnekonsert i Los Angeles for Saxon.[13]

  1. «Sky Saxon, Seeds Singer and Bassist, Dies at 63», Press release, TransWorld News, 25. juni 2009
  2. Austin Powell, «Off the Record Music News», The Austin Chronicle, 13. mars 2009, Henta 18. juni 2009
  3. M. C. Strong (ed), The great rock discography, Giunti, 1998, p.731
  4. Herbert Goldberg , «Contemporary Popular Music»[daud lenkje], The Journal of Popular Culture, Volume 4 Issue 3, 1970, Pages 579–589
  5. Lester Bangs, «Protopunk: The Garage Bands», in Miller, Jim (Ed) Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, Random House, New York, 1980
  6. Michael Hicks, Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions, University of Illinois Press, 2000, p.9
  7. John Wisniewski, «Mr. Seed», Interview, Horror Garage, horrorgarage.com, Henta 18. juni 2009
  8. Isis Aquarian and Electricity Aquarian, The Source: The Untold Story of Father Yod, YaHoWha 13, and The Source Family Arkivert 6. juli 2008 ved Wayback Machine., Process, 2007. oktober p.115 ISBN 978-0-9760822-9-3
  9. Doug Harvey, «Father Yod Knew Best» Arkivert 2015-01-03 ved Wayback Machine., LA Weekly, 30. august 2007, Henta 18. juni 2009
  10. «Superchrist lives!» Arkivert 1. mars 2012 ved Wayback Machine., smashingpumpkins.com, 9. januar 2008, Henta 18. juni 2009
  11. «2008 The people: Interview with Gingger Shankar» Arkivert 1. mars 2012 ved Wayback Machine., smashingpumpkins.com, 19. desember 2008, Henta 18. juni 2009
  12. [1]
  13. «A Tribute to Sky Saxon – at The Echoplex – Los Angeles / Silverlake, CA – 24. juli 2009». Big Wheel Magazine. 24. juli 2009. Henta 29. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]