William Bell Scott | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 12. september 1811 Edinburgh |
Død |
22. november 1890 (79 år) |
Yrke | kunstmålar, skribent, lyrikar, grafikar, kunsthistorikar |
Sjanger | portrett |
Far | Robert Scott |
William Bell Scott på Commons |
William Bell Scott (12. september 1811–22. november 1890) var ein skotsk kunstnar innan oljer og akvarell og tidvis trykking.
Scott var også ein diktar og kunstlærar. Dei posthumt utgjevne memoar hans gjev eit rikt bilde av livet i sirkelen til prerafaelittane; han stod særleg nær Dante Gabriel Rossetti. Etter ein oppvekst i Edinburgh flytta han til London, og frå 1843 til 1864 var han leiar for den statlege School of Art i Newcastle upon Tyne, der han la til industrimotiv til repertoaret sitt av landskap- og historiemåleri. Han var ein av dei fyrste britiske kunstnarane til å nøye avbilda prosessane i den industrielle revolusjonen. Han vende tilbake til London, der han arbeidde for Science and Art Department til 1885.[1]
Han måla ein syklus av historiske motiv saman med scenar frå moderne industri for Wallington Hall i Northumberland (no ein National Trust-eigedom), dei best kjende verka hans, og ein heilt historisk syklus for Penkill Castle i Ayrshire i Skottland.
Han måla ikkje mange portrett, men portrettet hans av venen Algernon Charles Swinburne er det ikoniske bildet av diktaren. Etsingane hans blei hovudsakleg laga for å illustrera bøkene hans.
Scott var son av gravøren Robert Scott (1777–1841) og bror av målaren David Scott, og var fødd i Edinburgh.[3] Som ung studerte han kunst og bistod far sin. Han gav også ut vers i skotske magasin.
I 1837 drog Scott til London. Der blei han godt nok kjend som kunstnar til å bli utnemnd til den statlege designskulen i Newcastle-on-Tyne i 1844. Han hadde denne stillinga i tjue år, og arbeidde med å organisera kunstopplæring og eksaminasjonar under Science and Art Department.[3] I Newcastle blei Scott vitja av heile familien Rossetti, og Dante Gabriel Rossetti måla eit portrett av Maria Leathart ved Scott sin bustad i 14 St Thomas' Crescent (minna med ein plakett sett opp i 2005). Algernon Charles Swinburne, som skreiv to dikt til Scott, var mykje hjå han i Newcastle etter å ha blitt send vekk frå Oxford.
Etter 1870 var Scott mykje i London, der han kjøpte eit hus i Chelsea. Han pleidde ein nær vennskap med Dante Gabriel Rossetti,[3] og hadde høgt omdøme som både kunstnar og forfattar. Han var likevel i sterk opposisjon til John Ruskin.[4]
Han trekte seg frå stillinga gjeven han av Science and Art Department i 1885, og dreiv deretter hovudsakleg med å skriva memoara sine fram til han døydde. Autobiographical Notes kom ut posthumt i 1892, med eit minneord av professor Minto. Scott er særleg hugsa for tilknytinga si til krinsen rundt Rossetti.[3]
I tillegg til oljemåleri dreiv Bell Scott med dekorative arbeid, særleg ved Wallington Hall i Northumberland. Der gav Pauline, Lady Trevelyan han oppdrag etter å ha kome over hans Memoir over broren David Scott frå 1850.[5] Han laga åtte store bilde der som illustrerte historia i Northumberland, med figurar i full storleik, i tillegg til atten bilde frå The Ballad of Chevy Chase i spandrillane til bogene i hallen. Til Penkill Castle laga han ein liknande serie som illustrerte Jakob I sitt dikt The Kingis Quair.
Scott gav ut dikt med jamne mellomrom (som Poems, 1875, illustrert av han sjølv og Alma-Tadema), som minna om dei til William Blake og Percy Bysshe Shelley, og var sterkt påverka av Rossetti. Han skreiv også kunst- og litteraturmeldingar, og redigerte verk av John Keats, Letitia Elizabeth Landon, Lord Byron, Samuel Taylor Coleridge, Shelley, William Shakespeare og sir Walter Scott.
I 1839 gifta Scott seg med Letitia Margery Norquoy; dei fekk ingen barn. I Newcastle hadde han ein elev som heitte Alice Boyd, ei syster av den dåverande lairden av Penkill Castle i Skottland. I 1860 vitja Scott Penkill Castle og byrja eit forhold med Alice som skulle vara til han døydde ved Penkill i 1890. Sjølv om ekteskapet ikkje var lukkeleg, ville ikkje Scott skapa skandale ved å gå frå kona si, og skipa ein trekant som blei akseptert av alle: Alice var med William og Letitia i London om vinteren, medan die kom til Penkill om sommaren.[6]