Erik Pløen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. februar 1925 |
Død |
10. oktober 2004 (79 år) |
Yrke | keramikar |
Ektefelle | Anne-Grete Pløen, Ingvil Havrevold |
Erik Pløen på Commons |
Erik Pløen (10. februar 1925–10. oktober 2004) var ein norsk keramikar fødd på Gran på Hadeland.
Han starta som keramikar med å vere læregut hjå Schneider og Knutzen på Slemdal i Oslo som 17-åring i 1942. Seinare gjorde han fleire studiereiser og fekk utdanning mellom anna hjå Royal Copenhagen i København og på University of Chicago.
Erik Pløen fekk seg eigen verkstad i Asker i 1946, seinare flytta han til Stange 1948-1957. I 1957 flytte han til Ljan i Oslo? og det var då han fekk seg gassomn og gjekk heilt over til steingods. Seinare flytta han til Son i Vestby og der vart han buande og arbeidande livet ut.