Anton Christian Bang | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. september 1840 Dønna kommune |
Død |
29. desember 1913 (73 år) |
Yrke | skribent, politikar, historikar, teolog |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Anton Christian Bang på Commons |
Gudspjallet aa fyrste joladagen
A. Chr. Bang i «Den norske folkeskole», 1867
|
Anton Christian Bang (18. september 1840–29. desember 1913) var ein norsk biskop, kyrkjehistorikar og statsråd.
Bang vart fødd på Sigerstad på Dønna. Her voks han opp i lag med søskenbarnet John Klæbo, og som søskenbarnet gjekk han på lærarseminaret i Tromsø, den einaste farbare utdanningsveg for ein fattiggutt som ønskte å bli prest. Han fullførte teologisk embetseksamen i 1867, og vart personellkapellan i Gran på Hadeland før han i 1872 reiste nordover for å bli kateket i Tromsø. I 1874 vart han prest ved Gaustad asyl.
Som teologistudent, eller «prestemne» som det òg vart skrive, nytta han òg landsmål. Det vart sidan rekna som eit stort tap for målreisinga og norskdomen at han gjekk over til å skrive riksmål.
I 1878 tok Bang teologisk doktorgrad, og i 1885 vart han professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. I 1893 vart han statsråd i regjeringa til Emil Stang. Den 25. januar 1895 vart han utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1896 vart han biskop i Kristiania Stift. Som biskop heldt han preika under kroningsseremonien i Trondhjem Domkirke hausten 1906. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.
Ved fødestaden er det reist ein minnebauta over A. Chr. Bang.