Sigurd Ibsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. desember 1859 Christiania |
Død |
14. april 1930 (70 år) |
Yrke | politikar, journalist, skribent, jurist |
Språk | norsk, tysk, italiensk |
Politisk parti | Venstre |
Far | Henrik Ibsen |
Mor | Suzannah Ibsen |
Ektefelle | Bergliot Ibsen |
Sigurd Ibsen på Commons |
Sigurd Ibsen (23. desember 1859–14. april 1930) var ein norsk forfattar og politikar. Han var son av forfattaren Henrik Ibsen og kona Suzannah Ibsen. Som politikar representerte han partiet Venstre, og var norsk statsminister i Stockholm frå 1903 til 1905.
Sigurd Ibsen vart fødd i Oslo. Gjennom oppveksten hadde folk høge voner til han, og han måtte streva heile livet for å nå mål andre sette for han. Ibsen utdanna seg til jurist med doktorgrad frå Roma i 1882. Han gifta seg i 1892 med Bergljot Bjørnson, dotter til Bjørnstjerne Bjørnson. Dei fekk ein son, Tancred Ibsen, som blei ein respektert filmregissør.
I 1885 byrja Ibsen eit fireårig attachestipend i utanrikstenesta som han fekk mellom anna med hjelp frå faren Henrik Ibsen. Sigurd Ibsen arbeidde i Stockholm, Washington og Wien. Då stipendiet gjekk ut fekk han ikkje tilbod om fast stilling, berre om å fortsetja som uløna attaché, i følgje biografen Lars Roar Langslet fordi «Han var unionsfiendtlig, norskpatriotisk og en farlig mann for etaten». I staden for å gå med på vilkåra skreiv Ibsen fleire kritiske artiklar om tilhøva i tenesta i Dagbladet i 1890.
Ibsen forfølgde ein idé han allereie hadde kome med tidlegare, om at Noreg burde ha eit eige konsulatvesen. I 1899 oppnådde han å bli ekspedisjonssjef for det første norske utanrikskontoret då Stortinget oppretta dette i staden for den mindre utanriksavdelinga. I september 1902 blei dette døypt om til Departementet for udenrigske sager, handel, sjøfart og industri. Desse handlingane var steg på vegen til ei eiga norsk utanriksteneste, og dårleg likt på svensk hald. Seinare skulle konsulatsaka vera den utløysande årsaka til den norsk-svenske unionsoppløysinga.
Ibsen var norsk statsminister i Stockholm frå 1903 til 1905 medan George Francis Hagerup var statsminister i Kristiania (Oslo). Ibsen var ein sentral person i oppløysinga av unionen mellom Sverige og Noreg i 1905. Han er rekna som viktig i å overtala viktige personar som Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Fridtjof Nansen til å gå inn for monarki. Mange av desse ynskte opphavleg republikk som styreform.
Sigurd Ibsen skreiv sakprosa og skjønnlitteratur – drama, bøker og kronikkar i avisene. Etter første verdskrigen budde han og familien helst utanlands, i Italia og Tyskland.