Norske regjeringar har styrt Noreg sidan landet gjekk ut av union med Danmark i 1814.
Regjeringa vert utnemnd av kongen som i prinsippet kan utnemna kven han vil som medlem av sitt råd, statsrådane (ofte kalla «ministrane»). Formelt sett er det statsminister og utanriksminister, dei andre i regjeringa er formelt sett statsrådar. Til denne tid har kongane likevel godkjend statsministeren sine framlegg til statsrådar. Om stortingsvalet gjev eit anna parti fleirtal vil den sitjande regjeringssjefen søkja kongen om avskil. Han vil då tilrå kongen ein annan statsministerkandidat. I 1928 fekk kong Haakon VII motstridande råd, og kongen gav oppdraget med å danne regjering til det største partiet, Det norske Arbeidarpartiet. Christopher Hornsrud danna deretter Noreg si fyrste arbeidarpartiregjering.
Ei regjering kan endrast undervegs ved at statsrådar vert skifta ut eller skiftar departement. Trass i dette vert regjeringa rekna å vera den same så lenge statsministeren sit.
Unionskongane av Sverige og Noreg nemnde opp regjeringar. Parlamentarismen var ikkje innført.
Mellom 1814 og 1884 var det ikkje fullstendig skifte av regjeringar, statsrådar skifta ut etter kvart. Difor reknar ein med fylgjande regjeringsperiodar:
Parlamentarismen vart innført i 1884, regjeringane måtte etter dette ha stønad i Stortinget.
- Regjeringa Gerhardsen I Samlingsregjering (25. juni 1945-1. november 1945)
- Regjeringa Gerhardsen II A (1. november 1945-19. november 1951)
- Regjeringa Torp A (19. november 1951 - 22. januar 1955)
- Regjeringa Gerhardsen III A (22. januar 1955 - 28. august 1963)
- Regjeringa Lyng H, KrF, Sp, V (28. august 1963 - 25. september 1963)
- Regjeringa Gerhardsen IV A (25. september 1963 - 12. oktober 1965)
- Regjeringa Borten H, KrF, Sp, V (12. oktober 1965 - 17. mars 1971)
- Regjeringa Bratteli I A (17. mars 1971 - 18. oktober 1972)
- Regjeringa Korvald KrF, Sp, V (18. oktober 1972 - 16. oktober 1973)
- Regjeringa Bratteli II A (16. oktober 1973 - 15. januar 1976)
- Regjeringa Nordli A (15. januar 1976 - 1. februar 1981)
- Regjeringa Brundtland I A (1. februar 1981) - 14. oktober 1981)
- Regjeringa Willoch H, frå 8. juni 1983: H, KrF, Sp (14. oktober 1981 - 9. mai 1986)
- Regjeringa Brundtland II A (9. mai 1986 - 16. oktober 1989)
- Regjeringa Syse H, KrF, Sp (16. oktober 1989 - 3. november 1990)
- Regjeringa Brundtland III A (3. november 1990 - 25. oktober 1996)
- Regjeringa Jagland A (25. oktober 1996 - 17. oktober 1997)
- Regjeringa Bondevik I KrF, Sp, V (17. oktober 1997 - 17. mars 2000)
- Regjeringa Stoltenberg I A (17. mars 2000 - 19. oktober 2001)
- Regjeringa Bondevik II H, KrF, V (19. oktober 2001 - 17. oktober 2005)
- Regjeringa Stoltenberg II A, Sp, SV (17. oktober 2005 - 16. oktober 2013)
- Regjeringa Solberg H, FrP (16. oktober 2013 - )