Nordahl Rolfsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. juni 1848 Bergen |
Død |
18. januar 1928 (79 år) |
Yrke | journalist, skribent, lærar |
Born | Alf Rolfsen |
Nordahl Rolfsen på Commons |
Nordahl Rolfsen, eigentleg Johan Nordahl Brun Rolfsen (12. juni 1848–18. januar 1928) var ein norsk forfattar og pedagog frå Bergen. Farfar hans var eidsvollsmannen Jens Rolfsen, og ein av oldefedrene var diktaren og biskopen Johan Nordahl Brun.
Rolfsen redigerte Lesebok for Folkeskolen, det mest brukte læreverket i norsk skole i si tid. Stortinget avslo finansiering av verket (som Rolfsen samla saman); Det vart finansiert av forlagsbokhandlar Jacob Dybwad.[1] Frå 1892, då den første utgåva kom ut, og fram til midten av 1950-talet, var boka trykt i meir enn 8 millionar eksemplar.
I sju år redigerte han Illusteret Tidende for Børn (1885-1894). Her la han vekt på å presentere norsk litteratur for barn, ofte følgd av gode illustrasjonar.
I 1912 vart Nordahl Rolfsen slått til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si. Han vart far til kunstmålaren Alf Rolfsen.
Eit utval utgjevingar: